Sogndal kommune: – Kan søkja om utsett betalingsfrist for kommunale krav


Formannskapet i Sogndal kommune fekk i går til orientering eit notat med økonomiske tiltak som følje av koronaviruset.

I notatet står det:

«Mange opplever situasjonen som krevjande og det er viktig at vi som kommune finn dei rette tiltaka for næringsliv og innbyggjarar. Vi bør og i ekstraordinære situasjonar søke å finne løysingar gjennom etablerte kanalar, der dette ikkje let seg gjere ser vi etter andre tiltak. Vurderinga er gjort i dialog med økonomi og plan og samfunn.»

Eigedomsskatt og kommunale krav: Vil ikkje droppe eigedomsskatt 15. april

Kommunen meiner at endringar i eigedomsskatt er «eit omfattande tiltak som krev noko meir utgreiing og er vanskeleg å gjere på kort sikt». I staden meiner kommunen at tiltak som opnar for utsett betalingsfrist for kommunale krav «vil treffe både næringslivet og private som vert økonomisk råka som følgje av koronaviruset godt».

Dette betyr at kommunen ikkje vil gi fritak frå eigedomsskatt og andre kommunale krav som følge koronaviruset, men vil vurdere søknader om utsett betalingsfrist i staden.

Eigedomsskatt og kommunale avgifter forfell til betaling 15. april og 15. oktober i år. Kommunen kan ut frå grunngjeven søknad gi utsett betalingsfrist for kommunale krav, men ikkje krav frå det interkommunale føretaket SIMAS.

Avfallselskapet har heller ikkje gjeve noko informasjon om slike utsetjingar per i dag, men kundar som kan få problem bør kontakte SIMAS likevel.

Ingen kommunale garantiar for lån

I notatet opplyser kommunen om at dei ikkje kan stilla kausjon eller annan økonomisk garanti for næringsverksemd med henvisning til kommunelova.

Derimot har staten komme med ein statleg lånegaranti for banklån retta mot små- og mellomstore bedrifter.

Det er bankane som forvaltar ordninga. Små og mellomstore bedrifter kan henvende seg der, men bør likevel vente til regjeringa har presentert nye tiltak fredag 27. mars.

Utsett skattebetaling for næringsdrivande

Skatteetaten har opplyst om at fristen for betaling forskottsskatt for personleg næringsdrivande er utsett frå 15. mars til 1. mai. Meir informasjon om dette på skatteetaten.no.

Næringsdrivande bør dessutan endre skattekortet sitt til eit pessimistisk anslag for 2020.

Ikkje fritak for parkeringsavgift i Sogndal sentrum

Rådmannen har tilrådd at det ikkje vert gjeve fritak for parkeringsavgift i Sogndal sentrum.

Tiltaket var foreslått for å stimulere til auka handel. I vurderinga er det lagt vekk på at tiltaket i staden vil føra til «auka parkering frå innbyggjarar som ikkje nyttar seg av handelstilbodet i sentrum, slik som pendlarar», og at dette har liten effekt for næringslivet.

Kommunen skriv også at dei har 15 millionar kroner i inntekter frå parkeringsregimet, og at ein reduksjon i desse vil føra til svekka likviditet og økonomi.

Grafen meiner at Sogndal kommune har til gode å gjera ei seriøs utgreiing som syner korleis gratis parkering i Sogndal sentrum vil påverka næringslivet, som t.d. i Førde, utan å tenkje på inntekter til kommunekassen. 15 millionar kroner kan også sparast inn gjennom kutt i administrasjonen og leiarlønningar, og styrka likviditeten på den måten.

Barnehagebetaling og SFO: Må betale for mars, får fråtrekk på neste faktura

På dette området er det fatta stortingsvedtak som seier at ingen skal betala for barnehage eller SFO i den perioden skular, barnehagar og SFO er stengde grunna koronaviruset.

Kommunen skriv likevel at faktura for mars er send ut og skal betalast.

I staden for å få pengane tilbake no, skriv kommunen at brukarar av barnehage og SFO får fråtrekk for stengde dagar på neste faktura. Slik stoda er i dag vil dette neppe skje før sommaren.