Trossar koronavirus og tåregass for å demonstrere mot Macron


Gule vester-bevegelsen let seg ikkje skremme av koronavirus og tåregass, og held fram med sine demonstrasjonar mot Frankrikes president, Emmanuel Macron.

Les også: Gule-vestar-rørsla held på for veke 61: Over 800 000 demonstrantar over heile Frankrike

Kampen dreiar seg mellom anna om auka minstelønn. Bakgrunnen for demonstrasjonane er kraftig auke i drivstoffprisar, budsjettkutt, pensjon, globalisering og neoliberalisme. Prisauken gjer at lønna ikkje strekk til.

Demonstrantane meiner også at dei nye pensjonsreformane vil fjerne deira hardt opptjente pensjonar og strippe pensjonistar for andre rettigheiter.

Professor ved NTNU, George Chabert, har tidlegare kalla Macrons Frankrike for ein bananrepublikk:

Frankrike er et land hvor en fjerdedel av innbyggerne nyter godt av spesielle ordninger og er garantert sysselsetting. Øverst i dette systemet er klassen av makthavere. De som lykkes ved statlige eliteskoler i en alder av 25 år, mottar livslønn fra staten samt en rekke andre fordeler. Disse fordelene holdes hemmelige.

og

Staten er bankerott, slik en tidligere statsminister innrømmet, og likevel lever de utvalgte komfortabelt – uten frykt for ledighet eller hva som måtte komme.

Frankrikes innanriksminister Christophe Castaner iverksette fredag eit «forbod» mot samlingar der meir enn 100 personar deltek, men hundretusenvis er likevel ute i gatene og demonstrerer.

Fleire tusen politifolk var ute i gatene i kamp mot demonstrasjonane som no har pågått i over 70 veker. Vitner på staden fortel at opprørspoliti skyt tåregass mot demonstrantar, noko som er godt synleg i video. 

Saka vart først publisert på RT.

Utenriksdepartementet i Noreg åtvarar reisande til Frankrike mot blant anna fare for terrorangrep på offentlege transportmiddel og dei åtvarar mot politiske demonstrasjonar. Det er allment kjent at fransk politi utøver grov politivold mot demonstrantar.