Sentralbankar verda over har siste veka kutta styringsrentene i håp om at det skal hjelpe på økonomien. Også Norges Bank hadde eit rentekutt, men no kan du vente nullrenter også i Noreg, skal vi tru sjeføkonom i Eika, Jan Ludvig Andreassen.
– Dette var dagen då renter døydde, skreiv Andreassen på Twitter.
Samtidig pumpar den amerikanske sentralbanken inn 700 milliardar dollar [over 7200 milliardar kroner] i forsøk på å stimulere økonomien. Truleg får det liten effekt.
Prisane i oljemarknaden hadde sitt største fall sidan 1991 måndag førre veke. Prisraset oppstod etter at OPEC-kartellet ikkje kom til avtale med Russland. Sidan då har Saudi-Arabia auka produksjonen, og det same vil Russland frå april.
Andreassen trur at kuttet til USA får følgjer for Noreg. Førre veke kutta Norges Bank styringsrenta frå 1,5 % til 1 %. Til E24 seier Andreassen at han trur sentralbanken vil kutte ein kvarting her og ein kvarting der, til vi er i null.
Han trur også det er ein ny æra for norsk økonomi der oljealderen er over, samtidig som folk sparar mykje. Dette vil føra til ein vekstpause, i følgje han.
Heile eurosona har ei styringsrente på 0 % og nokre land har negativ styringsrente. Desse er Sverige (-0,25 %), Sveits (-0,75 %) og Danmark (-0,75 %). Utanfor Europa er det Japan som har negative renter på 0,10 % – og dei planlegg eit krisemøte i natt der renta truleg vert kutta meir.
I ein kommentar til sentralbanksjefen skreiv Andreassen at han ikkje kan forstå at dagens restriksjoner på folks bevegelsar kan lettast stort på før sommaren.
– I så fall vert BNP-veksten [verdien av alt som vert produsert, red. anm.] i år både minus fire og fem prosent uansett kva Norges Bank måtte gjere med renta, skreiv Andreassen.
Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet, som gjerne vert omtalt som bruken av oljeinntekter i statsbudsjetter var beregna til 244 milliardar kroner i 2020, før utbrotet av koronavirus. Kva dette vil ende på med nedgang i BNP og krisepakkar er umulig å spå, men oljepengane forsvinn.