Høyr Nigel Farages siste tale til Europaparlamentet


Den britiske politkaren og leiaren for Brexit-partiet, Nigel Farage, talte til Europaparlementet for siste gang. Han sparte ikkje på sine meiningar om EU, og braut reglane for parlamentet ved å ta med flagg.

Den irske politikaren Mairead McGuinness, som også fungerer som visepresident i parlamentet og ordstyrar, sa «If you disobey the rules you get cut off». McGuinness stengte så av mikrofonen til Farage, som etterpå sat og smilte til ståande applaus frå sine partifeller.