Russland og Kina: – To land med ein høgt utdanna og godt informert befolkning


Sinolog Erik Klepsvik skriv at Dag og Tid-journalist Halvor Tjønn teikna eit dystert bilete av verda i ein artikkel 21. februar. Tjønn hevdar at vestlege demokrati blir truga av autoritære land under rask militær og teknisk oppbygging, og med vondt i sinne.

Klepsvik viser til at store deler av folk i verda ser USA/Vesten som hegemon – militært, politisk og delvis økonomisk:

– Skal ein bekymra seg når land som er USA/NATO militært langt underlegne vil utlikna denne balansen? Skal ein bekymra seg når eit stort land som Kina, med meir enn fire gonger så mange innbyggjarar som USA, hevdar sin rettmessige økonomiske og teknologiske plass – produksjon av julepynt og klede er greitt, men ikkje avansert elektronikk?

Skal ein underkjenna det russiske og kinesiske folkets støtte til eigne styresmakter – to land med ein høgt utdanna og godt informert befolkning – med at det ikkje veit betre og ikkje har andre val?

– Skal ein bekymra seg når land som Russland og Kina avviser vår modell for eit godt samfunn og hevdar sin rett til å velja eit samfunn tilpassa deira kulturelle eigenart? Skal ein underkjenna det russiske og kinesiske folkets støtte til eigne styresmakter – to land med ein høgt utdanna og godt informert befolkning – med at det ikkje veit betre og ikkje har andre val? Mange med meg vil svara nei på alle desse spørsmåla.

Klepsvik spør om nokre land utanom USA/Vesten teke til orde for universalisering av sitt politisk-økonomiske system:

– Me blunkar ikkje når me eksporterer norsk forvalting rundt i verda, men om ein minister frå Mongolia påstod at deira forvaltningsmodell var universelt gyldig, og spesielt anvendbar i Norge, ville ingen ta dette på alvor.

– Har nokre land utanom USA/Vesten (og Norge) gått til krig for påstått universelle verdiar og vern mot innbilte åtak dei siste tiåra?

Klepsvik viser til at ei verd der folk og land vel sitt politiske-økonomiske system fritt frå vestleg hegemonisk misjonsverksemd, moralisering, sanksjonar og krigar vil vera meir mangfaldig, og til tider meir kaotisk, enn verda i dag: men slett ikkje så farleg som de vil ha oss til å tru.