Dette seier organisasjonane for likestilling


KJØNNSFORDELING: Illustrasjonen viser statistikk over kjønnsfordeling blant tilsette i fleire likestillingsorganisasjonar. Illustrasjonen har gått viralt på Facebook. Grafen har bede organisasjonane stadfeste om tala stemmer.

Grafen har undersøkt eit bilete som går viralt på Facebook, og som viser kjønnsfordeling blant tilsette i norske likestillingsorganisasjonar.

Merkeleg nok har alle organisasjonane fleire kvinner enn menn – altså er kjønnsfordelinga så skeiv at ein kan stilla spørsmål.

Grafen har spurt alle organisasjonene om kommentar, og stadfesting av tala. 

Kilden Kjønnsforskning: 100 % av dei tilsette er kvinner

Mari Teigen i CORE seier at ho har vore oppteken av dette i mange år, og forsøkt å arbeide aktivt med det.

Teigen vil ikkje stadfeste om tala stemmer fordi CORE ikkje er ein sjølvstendig organisasjon, men eit institutt for samfunnsforskning. Ho hevdar at CORE er eit prosjekt å rekne og at samansetjinga endrar seg frå år til år.

Likevel seier Teigen at 70/30-fordeling er rimeleg fordeling av forskarar som arbeidar med kjønnslikestillingsrelevante problemstillingar.

Ho seier det heller ikkje er lett å forklare kvifor det er slik, men meiner at det tradisjonelt sett har vore slik at kvinner er meir interessert i likestillingsspørsmål og nok også i større grad erfarer at deira situasjon, muligheiter og hindringar heng saman med deira kjønn.

Teigen seier at det er fleire søkjarar blant kvinner til stillingar når kunnskap om kjønn og likestilling er noko som vert etterspurt.

Samtidig meiner Teigen at det bør vera mykje større merksemd rundt korleis forskningsspørsmål vert stilt, slik at tematikken i større grad vert opplevd som relevante også for menn.

Goro Ree-Lindstad ved Likestillingssenteret seier til Grafen at dei har 1 mann av totalt 8 tilsette, men har ikkje kommentar utover det, enn at dei tek imot søknader frå menn.

For Kilden Kjønnsforskning stemmer tala – altså 100 % av dei tilsette er kvinner.

Linda Marie Rustad seier til Grafen at årsaka er samansett:

– Alle aktørar som på ein eller annan måte arbeidar med kjønn og likestilling er også sjølv ein del av det kjønnsdelte arbeidslivet.

– Det er for eksempel få menn som studerar kjønn og likestilling, og som har dette som kompetansefelt.

Rustad seier dei gjer ei rekkje tiltak i håp om å betra situasjonen.

Desse tiltaka er at dei oppfordar menn til å søkje, skrive om forskning på menn og maskuliniteter, og at menn arbeidar som frilansarar hjå dei. I tillegg intervjuar dei mannlege forskarar.

Likestillings- og diskrimineringsombudet: 74 % kvinner, i sekretariatet til Diskrimineringsnemnda nær 90 %

Kommunikasjonssjef Edin Babic i Likestillings- og diskrimineringsombudet seier til Grafen at ombudet i dag har 26 prosent menn og 74 prosent kvinner.

Han seier at det var totalt 474 søkjarar til utlyste stillingar i 2019 og av desse søkjarane var 21 % menn, medan resten var kvinner.

– Av dei vi rekrutterte i 2019 var fire menn og åtte kvinner, seier Babic.

Han meiner at noko av forklaringa til ombudets skeive kjønnsbalanse ligg i overvekt av kvinnelege godt kvalifiserte søkjarar.

Babic seier dei har stor fokus på likestilt og profesjonell rekruttering, og at dei er opptekne av å tilsetje den best kvalifiserte søkjaren, heilt uavhengig kjønn.

Direktør i Diskrimineringsnemnda Ashan Nishantha seier til Grafen at det arbeidar 18 personar i sekretariatet, derav to er menn og resten kvinner.

I nemnda er det 7 menn og 11 kvinner – alle utnevnt i statsråd/ved delegert myndighet av departementet.

Grafen har ikkje fått svar frå dei andre organisasjonene ved publisering. Saka kan difor verte oppdatert.