Koronaviruset og ein norsk professor


Eg bur i Kina, eit samfunn i full beredskap, medan professor Carl Henrik Knutsen i ein kronikk 5. februar [i Aftenposten, red. anm.] produserer ideologi frå eit lunt kontor på Blindern, kamuflert som lærestykke om diktaturets politikk. Min ros går til kinesiske styresmakter for effektive tiltak og til vanlege folk for aktivt å ta del i åtgjerder som hindrar spreiing av eit smittsamt virus.

Knutsen forklårar ikkje kvifor diktaturet i Kina set i verk tiltak for å verna eit folk det eigentleg foraktar. I staden malar han med brei pensel om diktaturets elende. Professoren med sine kategoriske meiningar om Kina er kan hende ikkje så kinesisk-kunnig at han er informert om koronadebatten i Kina, men heldigvis kan han nok engelsk til å lesa Washington Post og New York Times, som ikkje er kjende for balansert Kina-informasjon.

Det vil komma ei tid for ei grundig ransaking av korleis det kinesiske samfunnet kan førebu seg betre mot smittsame virus. Men nett no, kjære avis og professor, er gårsdagens kronikk unødvendig og unyansert ideologiproduksjon som de gjerne kunne ha spart oss for i ein kritisk situasjon.

Erik Klepsvik, sinolog, Beijing