Ein av KGBs mest spektakulære operasjonar var å diskreditere Augusto Pinochet


KGB var etterretningstenesta og sikkerheitspolitiet i Sovjetunionen. Under heile den kalde krigen dreiv dei målretta kampanjar for å påverke meiningsdanninga verda over.

General Augusto Pinochet kom til makta gjennom eit USA-støtta militærkupp i 1973 mot den folkevalde sosialistiske presidenten, Salvador Allende, som døydde under kuppet.

Var ein av dei mest taktiske

Pinochet byrja på militærskulen allereie som sekstenåring og arbeidde seg oppover gradene i det militære hierarkiet. Fem år tidlegare, i 1968 vart han utnemd til brigadegeneral, og året før, i 1972 vart han stabssjef og nestkommanderende i den chilenske hæren.

Pinochet viste seg å være ein av dei smartaste i militæret sine indre maktkampar, og klarte samle mykje makt i eigne hender. Først som leiar for militærjuntaen, og deretter som president frå 1974. Militærdiktaturet stod for ein undertrykkjande politikk der politiske parti vart forbode, og mange som støtta den styra regjeringa vart fengsla, torturert og drept.

På 1970-talet manipulere KGB fleire leiiande aviser og TV-stasjonar i den vestlege verda til fordel for eigne interesser.

Ein av operasjonane var «Operasjon Toucan», der KGB manipulere New York Times i ein samarbeidsoperasjon med kubansk etterretning, kjent som G2.

DINA [Chilensk: Det nasjonale etteretningsdirektoratet, red. anm.] sitt tortursenter i José Domingo Cañas 1367. Foto: Ciberprofe/CC BY-SA 3.0

Villa Grimaldi

Villa Grimaldi var ein av dei tøffaste leirane til Pinochet. Militærdiktaturet arbeida aktivt for å sensurere TV-kanalar, aviser og radio som gav støtte til det sosialistiske partiet, og deira støttespelarar. Dei innførte reglar om at all offentleg informasjon skulle godkjennast av militæret før den kunne publiserast.

Seinare måtte alle medier gjennom denne prosedyra, og aviser fekk attende artiklane sine utstreka med raud blekk. Gjennom tvang, mord og kidnapping måtte media maskere sanninga om militærkuppet til Pinochet.

Ein ofte nytta tortur- og avhøyrsmetode var «grillen» eller «La Parrilla». Den gjekk ut på at elektrisitet frå eit vanleg uttak gjekk gjennom ein kontrollboks med to kablar til elektrodestavar.

Kontrollboksen gav torturistane muligheit til å justere styrken på straum som vart sendt.

Dei nakne fangane vart strekt ut langflate og bundne til ei metallseng. Deretter vart dei utsett for elektriske sjokk på forskjellige stadar over kroppen, og særskilt sensitive områder som kjønnsorgan og i opne sår.

Ein fange har fortalt at dei putta bomullsdottar i augene og teipa dei att med ei hette over hovudet:

– Deretter bandt dei hender og føtter, og senka folk i 250-liters tankar med ammoniakk og sjøvatn. Dette gjorde dei om att og om att, slo, og stilte spørsmål.

Det kalla metoden for «ubåten».

KGB fekk fram brot på menneskerettane

New York Times publiserte i 1976 heile 66 artiklar om brot på menneskerettane i Chile under Augusto Pinochets leiing. Same år skreiv dei færre enn 10 artiklar om tilsvarande brot i Kambodsja og Cuba.

I tillegg forfalska KGB korrespondanse mellom Pinochet og leiaren for det chileanske etterretningsdirektoratet, Miguel Contreras. Korrespondansen beskreiv ein detaljert plan for korleis dei skulle utrydde opposisjonelle som levde i eksil utanfor Chile, som i USA.

Amerikanske journalistar tok som venta materialet på strak arm, og øydela ryktet til den latin-amerikanske diktatoren, til KGBs fordel. Med ryktet øydelagt ville også USA trekkje si støtte til dikatoren.

I juli 1976 publiserte to magasin i Argentina og Brasil ein serie frå 119 opposisjonelle med påstand om at dei hadde blitt drept i interne kranglar urelatert Pinochets regime. Begge magasina forsvann rett etter.

I rettsoppgjeret til Pinochet bad dommaren i saka, Juan Guzmán Tapia, om å løfte immuniteten til Pinochet. Han meinte det var Pinochet sjølv som hadde gjeve ordre til etterretningsdirektoratet om å plante desinformasjon for å skjule forsvinningssakene og mord utført av hemmeleg politi på 119 personar.

I 2005 oppheva høgsterett immuniteten til Pinochet med henvisning til denne saka. Året etter, i 2006 døydde Pinochet. Han rakk aldri bli dømt for dei alvorlege forbrytelsane.

Saka vart først omtala på Russia Beyond.

Opsvik, Tor. (2017, 8. desember). Augusto Pinochet. I Store norske leksikon.