Elden: – Vil vere oppsiktsvekkjande om Byfogden i Oslo skulle tre inn som redaktør i norske medier


I ei sak tidlegare denne veka identifiserte Resett den mykje omtalte IS-kvinna som vart henta heim av regjeringa Solberg av omsyn til at eit av borna skal vera alvorleg sjuk.

Kvinna sin advokat, Nils Christian Nordhus, leverte inn ein stevning og vil at Resett skal fjerne namnet til kvinna frå artikkelen, og ville at retten skulle fatte beslutning utan å høyre motparten. Tingretten kom til at det skal førast munnlege forhandlingar om saka tidleg neste veke.

Advokatar trur ikkje ho vinn fram

John Cristian Elden som er Resetts advokat seier til Grafen at spørsmålet har med presseetikk og redaktøransvar å gjera, og at det vil vere oppsiktsvekkjande om Byfogden i Oslo skulle tre inn som redaktør i norske medier.

– Redaktørar pleier seie at identifikasjon av sikta og fengsla personar er ein vanskeleg avveging der utfallet aldri er gitt, seier Elden.

Advokat Jon Wessel-Aas seier til bloggen Kampanje.com at tanken med grunnlova på dette punktet er at ytringar ikkje skal fjernast eller sensurerast i slike førehandsavgjerder.

Han tvilar også på at ein domstol vil komme til ei avgjerd der dei pålegg Resett å fjerne namnet på kvinna.

Så spørs det om Nordhus trekkjer saka dagen før han skal i retten.