Europearar får blærekreft av drikkevatn: Dette seier Folkehelseinstituttet om situasjonen i Noreg


Over heile Europa døyr tusenvis av blærekreft kvart år som følgje bruk av klorin i drikkevatn. Offentlege vassverk brukar klorin til desinfeksjon og fjerning av bakteriar og parasittar.

Den 15. januar publiserte det vitskaplege tidsskriftet EHP ein forskningsrapport frå eit studie av EU28-landa. Rapporten viser at 6500 personar kvart år får blærekreft med kopling til klorering av drikkevatn. Landa med flest tilfeller er Kypros (23 %), Malta (18 %) og Irland (17 %).

Med andre ord vil det seie at 23 av 100 kypriotar med kreftdiagnose har fått den frå drikkevatnet sitt.

Seniorforskar Vidar Lund ved Folkehelseinstituttet seier til Grafen at problemet med klorering av drikkevatn ikkje er noko problem i Noreg, då over 85 % av Norges befolkning vert forsynt av UV bestrålt drikkevatn.

Gjennomgåande i rapporten er at dei fleste av EU28-landa brukar klorering.

Lund meiner at dei vassverka [i Noreg, red. anm.] som fortsatt har klorering er små vassverk som doserer klor i så låge konsentrasjonar at konsentrasjonane av trihalometaner [ei gruppe kloreringsbiprodukt, red. anm.] vert neglisjerbare:

«Dei aller fleste av dei større vassverka som fortsatt hadde klorering på byrjinga av 2000-talet har sidan gått over til UV bestråling for å sikre inaktivering også av parasittar.»

«Ein del av vassverka tilset fortsatt litt klor for å sikre at dei har klorering i beredskap dersom UV desinfeksjon fell ut.»

Lund seier at den gangen klorering var den vanlegaste desinfeksjonsmetoden ved vassverk i Noreg viste undersøkingar at ingen vassverk overskridde grenseverdiane for trihalometaner i føresegna om drikkavatn:

«Ei undersøking av klorering av drikkevatn i dei nordiske landa utført i 2000 viste at norske vassverk hadde svært lågt innhald av trihalometaner som var 50 % lågare enn verdiane frå Sverige og Finland.»

TIPS OSS: Kjenner du til kommunale vassverk som brukar klorering? Brukt vårt krypterte kontaktskjema på grafen.media/tips med filvedlegg.