Gule-vestar-rørsla held på for veke 61: Over 800 000 demonstrantar over heile Frankrike


«Gule vestar»-demonstrantane i Frankrike held på for veke 61 i sin kamp for mellom anna auka minstelønn. Bakgrunnen for demonstrasjonane til dei gulekledde er kraftig auke i drivstoffprisar, budsjettkutt, globalisering og neoliberalisme.

Prisauken gjer at lønna ikkje strekk til.

I tillegg demonstrerte over ein million mennesker over heile Frankrike mot pensjonsreforma. Samla har dei gule vestane demonstrert i over eitt år. Det som starta som fredelege demonstrasjonar har endra seg og dei brukar no metodar som vald, øydlegging av eigedom, vandalisme, barrikadering og nedstenging av trafikk.

Frankrikes president, Emmanuel Macron, svarer demonstrantane med grov og brutal politivold, som fører til fleire demonstrasjonar og meir maktbruk frå begge sider.

Professor ved NTNU, George Chabert, kallar Macrons Frankrike for ein bananrepublikk:

«Frankrike er et land hvor en fjerdedel av innbyggerne nyter godt av spesielle ordninger og er garantert sysselsetting. Øverst i dette systemet er klassen av makthavere. De som lykkes ved statlige eliteskoler i en alder av 25 år, mottar livslønn fra staten samt en rekke andre fordeler. Disse fordelene holdes hemmelige.»

og

«Staten er bankerott, slik en tidligere statsminister innrømmet, og likevel lever de utvalgte komfortabelt – uten frykt for ledighet eller hva som måtte komme.»

Pensjonsreform-demonstrasjonane har solid oppslutning i fagforeiningane i form av streik, «walkouts», og nedstenging av trafikk. Demonstrantane meiner dei nye reformane vil fjerne deira hardt opptjente pensjonar og strippe pensjonistar for andre rettigheiter.

RTs video viser tilstanden laurdag 11. januar:

Utenriksdepartementet åtvarar reisande til Frankrike mot blant anna fare for terrorangrep på offentlege transportmiddel og dei åtvarar mot politiske demonstrasjonar.


Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.