Dette kraftverket kan produsere 131 400 kWh i året og kan monterast på ei veke


Mikrokraftverk omfattar samtlege fornybare energikjelder med ein installert effekt på under 100 kilowatt (kW). Mesteparten av energien vert produsert lokalt og nær sluttbrukaren. Slike småkraftverk vert ofte utbygd av grunneigarar for produksjon til eige bruk.

Det belgiske firmaet Turbulent.be har laga eit slikt mikrokraftverk som kan monterast på ei veke, i følgje dei sjølv. Kraftverket kan produsere frå 5 kW til 100 kW, og hentar vatn frå små elvar eller vassdrag som renn forbi privat eigedom.

Sjå presentasjonen her:

https://www.facebook.com/TurbulentHydro/videos/1490874824333594/

Grafen har spurt seksjonssjef i NVE, Øystein Grundt, om kva han trur om slike kraftverk.

Han seier eit normalt forbruk i ein einebustad er rekna til 20 000 kWh/år. Kva som er normalt effekt i ein husstand vil variere:

– Ein kan ikkje utan vidare berre dele dette på tal timar i året og finna effekten på den måten, sidan forbruket vil variere over tid og ikkje ligg på maks tilgjenge effekt heile tida.

Et 15 kW anlegg kan produsere 131 400 kWh

Grundt seier til Grafen at eit 15 kW anlegg kan produsere 131 400 kWh maksimalt på eit år.

I følgje heimesida til Turbulent.be kostar eit anlegg frå 80 000 euro. 

Grundt seier at om ein reknar 80 000 euro om til norske kroner kan vi enkelt seie at det er 800 000 kroner:

– Ein utbyggingspris vil då bli minst 800 000 / 131 400 som er ca. 6 kroner per kWh. Truleg høgare fordi anlegget ikkje går med full effekt heile året, og dermed produserer mindre.

Han meiner at prisen er høg i norsk samanheng, men at ein investeringsbeslutning må ein utbyggjar gjere sjølv, basert på eigne forventningar til straumpris framover og andre forhold som spelar inn, slik som finansieringskostnader.

Kan unngå konsesjonsplikt

Grundt seier at krav til konsesjon ikkje er knytt til storleiken på kraftverket, men verknader.

– Eit lite kraftverk kan ha små verknader, og slik sett gode muligheiter til å unngå konsesjonsplikt.

Han anbefalar likevel at ein får vurdering frå vassdragsmyndigheitene i forkant for å vera sikker.

– Det er blant anna eit ufråvikeleg krav at dei som kallast alminneleg lågvassføring skal attende i vassdraget.

Det siste vil imidlertid Turbulent-anlegget oppfylle, då vatnet vert slusa gjennom.