Satellittbilete viser at Irans revolusjonsgarde presisjonsbomba amerikansk flybase


Det amerikanske forsvaret har vore tilbakehaldande med å vise bilete frå bombinga av den såkalla Al Asad-flybasen i Irak den 7. januar.

USAs president, Donald Trump, annonserte ikkje nye motangrep men sa at «USA alltid vil vera klar til å ha fred med dei som søkjer det».

Avslørande satellittbilete frå Planet Labs (tidlegare Cosmogia, Inc) viser at Iran med vilje unngjekk å bombe befolka område på flybasen. Dei presisjonsbomba i staden brakker og lagerbygg.

Irans revolusjonsgarde viser for heile verda at dei kunne drept alle på flybasen om dei ville. Dei kan også presisjonsbombe mål i Israel, Saudi Arabia eller mål i Hormuzsundet, der flesteparten av verdas tankskip fraktar olje.

USA har utplassert sine mest moderne våpensystem rundt flybasen, som er strengt bevokta. Dei har ikkje greidd å stoppe nokon av missila til Iran.

Scott Ritter, ein tidlegare etterretningsoffiser frå Gulfkrigen, skriv i kommentar til RT at Iran med handlinga ville gjere eit poeng, og vise kva eigen teknologi greier.

Også Aftenposten stadfestar historien med same bilete, og skriv at minst fem bygningar er tilnærma øydelagt med presisjonsbombing – i bekmørke natta.

Dermed har Donald Trump sett seg sjølv sjakk matt for framtidig konflikt i Midtausten.

Major Elisabeth Q. Eikeland seier i kommentar til Grafen at dei norske soldatane er ved godt mot og vil etterkvart falle attende til så normal rytme som det er mulig å ha i eit konfliktområde.

I løpet av kort tid til dei i følgje Eikeland fortelje media om kva dei opplevde.

Eikeland seier at dei ikkje har motteke bilete enno frå basen, og det er usikkert om avdelinga har greidd dokumentere missilangrepet. Ho legg til at eventuelt billedmateriale vil verta delt med Grafen dersom dette eksisterer.

Videoklippet frå den iranske statskanalen viser korleis revolusjonsgarden førebudde missila.

https://www.facebook.com/RTnews/videos/482100102737114/