Brannen på Stavanger lufthamn: Opel har tilbakekalla 235 000 Zafira

    Denne artikkelen er meir enn eitt år gammal og kan innehalde utdatert informasjon.

    Brannen på Stavanger lufthamn starta i ein 2005-modell Opel Zafira. I Storbritannia har bilpropdusenten tilbakekalla heile 235 000 bilar etter meir enn 300 brannar i bilmodellen.

    Tilbakekallinga gjeld Opel Zafira bygd mellom 2005 og 2014 som ikkje har elektronisk klimakontroll. Modellen skal ha ei elektrisk kopling som vert overoppvarma og smeltar.

    I Storbritannia har Opel reparert den dårlege koplinga kostnadsfritt for bileigarane.

    Transportkomiteen i Storbritannia laga ein rapport i 2017 der dei skuldar Opel for ei «omsynslaus ignorering av tryggleik» ved å ikkje stoppe bileigarar som køyrer i Zafira som dei veit er brannfarlege.

    I følgje Opplysningsrådet for vegtrafikk rullar det 16 Opel Zafira 2005-modell på vegane i Sogn og Fjordane.

    Sjefingeniør Asbjørn Hagerupsen i Statens vegvesen seier til Grafen at kampanjen i Storbritannia var ein frivillig tilbakekallingskampanje som gjeld høgrestyrte bilar. I følgje opplysningar frå Opel sentralt, er det ingen bilar omfatta kampanjen som er levert til Noreg.

    Hagerupsen legg til at dei ser  brannrisikoen i bilar som er importert til Norge som liten.

     


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.