Denne artikkelen er meir enn eitt år gammal og kan innehalde utdatert informasjon.

Måndag vart Eli Grotle (54) konstituert som redaktør i Sogn Avis. Ho kjem frå stillinga redaksjonssjef.

Sogn Avis vert utgiven i Leikanger i Sogndal kommune og kjem ut måndag-torsdag og laurdag.

I desember i fjor vart det kjent at tidlegare redaktør Jan Inge Fardal ville gå av, etter å ha takka ja til ny jobb som redaktør i Nynorsk Pressekontor.

Dette seier Grotle til Grafen.

– Kva er din viktigaste eigenskap som redaktør?

– At eg som konstituert redaktør allereie kjenner godt alle tilsette og har i mange år vore tett på utviklinga i heile regionen Sogn Avis dekker.

– Kva områder er underdekka av media i Indre Sogn?

– Eg vil ikkje hevde at noko er underdekka, men det vil alltid vera dei som kjenner på at media ikkje er nok til stades i deira kommune eller bygd.

– Kva vil du gjera for å byggja tillit hjå lesarane?

– Den tilliten håpar og trur eg Sogn Avis allereie har.

– De/Amedia skal satsa meir digitalt. Betyr dette kutt i frekvensen på papiravisa i 2020? Vert papiravisa fasa heilt ut?

– Det finst det ingen planar om.

– Er du freidig og modig i møte med makta?

– Eg har over 30 år fartstid som journalist og har slik eg ser det aldri kvidd meg for å utfordre dei som sit i posisjonar. Eg har alltid jobba etter filosofien om at det finst ikkje dumme spørsmål, berre dumme svar.

– Så då er det «makta» sin jobb og gje svar som lesarane kan forstå når journalistane skal formidle det vidare.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.