Meir enn 1050 journalistar frå 91 forskjellige land har signert eit opprop til forsvar for den prisvinnande journalisten Julian Assange, som vert helden som gissel i Storbritanna.

Assange sit i dag på isolat 23 timar i døgnet i det britiske Belmarsh-fengselet og risikerer utlevering til USA og 175 år fengsel for å ha publisert informasjon om grove krigsforbrytelsar utført av amerikanske styresmakter.

Den anerkjente journalisten var også grunnleggjar av Wikileaks, som nyleg publiserte interne dokument frå Organisasjonen for forbud mot kjemiske våpen (OPCW). Dokumenta viser at OPCW, som fekk Nobels fredspris i 2013, har forfalska dokument og loge om kjemiske våpen i Douma i Syria.

Farlege tider krev uredd journalistikk, og Grafen oppfordrar alle journalistar til å heve røysta si til Julian Assange sitt forsvar, og krevje han umiddelbart lauslaten.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.