Puigdemont: Hvis Kosovo, Albania og Nord-Makedonia er kandidatar for EU-medlemskap, så kvifor ikkje Skottland og Catalonia?


– Dersom talet på medlemsland i EU var eit problem, ville ikkje unionen akseptert nye, seier den tidlegare katalanske leiaren Carles Puigdemont.

Han meiner at EU kan vera storslått og velståande sjølv med fleire mindre statar.

Puigdemont kom i søkjelyset i Spania etter at han organiserte eit val for å lausrive Catalonia frå Spania for to år sidan. Motstandarane av dette den gang kom ikkje berre frå Madrid, men også Brussel.

Tidlegare president i Europakommisjonen, Jean-Claude Juncker, sa då at det ville vere umulig å administrere EU hvis dei hadde 98 medlemsland, som han spådde dersom Catalonia skulle verta teke opp som medlem.

Puigdemont seier at Europakommisjonen meinte det var «komplisert» å ta opp Skottland, Catalonia og nederlandske Flandern som medlemmar av EU.

– Ironisk nok, på same tid forhandla EU med Kosovo, Nord-Makedonia og Albania om opptaking.

Men Puigdemont held på sitt. Han meiner at EU vil vere ein funksjonell union sjølv med mindre statar:

Kartografar vil måtte gjere endringar mange ganger, fordi grenser vert endra. Dei vert ikkje endra gjennom krig eller ekteskap mellom kongelege, eller kolonisering: men gjennom folkeviljen

Puigdemont insisiterer på at eksempelet med ein ikkje-valdeleg kamp for sjølvstende, som han sjølv og hans støttespelarar sette i gang, er noko EU burde ynskja velkommen.

– Elles vil folk med same ambisjonar sjå at den einaste måten å bli sjølvstendig på er gjennom krig og væpna konflikt, etterfulgt av ein internasjonal intervensjon, slik som borgarkrigen i Jugoslavia.

– For eksempel ta Bougainville-øya som har ein lang historikk med valdeleg kamp for sjølvstende og lausriving frå Papua Ny-Guinea. No prøver dei verta sjølvstendig gjennom folkerøysting.

Eit uavhengig og sjølvstendig Catalonia vil gi folket full nasjonal sjølvråderett, ein råderett catalonarane sjølv vart nekta av Spania, seier Puigdemont. Han viser til Val d’Aran også kjent som Arán, eit spansk comarca [regionalt delområde, red.amn.] som ligg i dei sentrale Pyreneene, i den nordaustlege delen av Catalonia.

– Folk som bur der vurderer seg som eit eige samfunn. Dei er oksitanske og har sitt eige språk. Viss dei ein dag bestemmer seg for at det er deira rett å seie «ja» med majoriteten av røyster, så skal eg anerkjenne dei, avslutta Puigdemont.

Intervjuet vart først publisert av RT.