Protesterte mot gebyr for å fella tre

Plan- og bygningsetaten i Oslo tok 5 775 kroner i gebyr for å handsama søknad om felling av tre på eigen eigedom.

Det var i fjor at Arbeidarparti-toppen Jonas Gahr Støre søkte plan- og bygningsetaten i Oslo kommune om løyve til å fella eit farleg tre på eigen eigedom.

I følgje Nettavisen stod det i søknad at: «Treet er dødt og står langs en offentlig vei. Det er flere skader på stammen som svekker strukturen på treet ytterligere. Treet ansees som er risiko for eier og for omgivelser og anbefales felt så snart som mulig»

Han fekk løyve til å fella treet, men etaten tok samtidig 5 775 kroner i gebyr for å handsama søknad om felling. Det var dette gebyret Støre reagerte på, og ville at etaten skulle vurdere gebyret på nytt.

Etaten vurderte førespurnaden, men viste til eige gebyrregulativ og at tre med stammeomkrets «større enn 90 centimeter» har særleg vern. 

Etaten meinte difor at slike tre er søknadspliktige etter plan- og bygningslova.

Støre sa i kommentar til Nettavisen at han reagerte på at det skulle koste nær 6 000 kroner å få sakshandsama felling av eit tre.

– Det går greitt for meg å betala, men eg stilte spørsmål ved om det skal vera gebyr for ei naudsynt trefelling, avslutta Støre.

Treng vi tiltak for å avbyråkratisere offentleg sektor?


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.