Justisminister Jøran Kallmyr om koranbrenning: – Vi har ytringsfridom, og den skal ikkje politiet blanda seg inn i


For eit par veker sidan hadde organisasjonen Stopp islamiseringen av Norge (SIAN) demonstrasjon i Kristiansand. SIAN-leiar Lars Thorsen vart angripen då han tente på Koranen framføre 300 motdemonstrantar.

Politie greip då inn og fleire personar vart pågripne.

Nokre dagar etter brenninga kom det fram at det var den omstridte politidirektøren Benedicte Bjørnland som hadde gjeve ordre til eigne ansatte om at dei «har lov til å bryta inn og avverge offentleg skjending av Koranen».

Ein del av ytringsfridomen å skjenda Koranen

– Vi kjem til å rydda opp. Vi kjem til å gjera det heilt klart at ytringsfridom gjeld. Det å skjenda koranen er ein del av ytringsfridomen, anten vi likar det eller ikkje, sa Kallmyr til Nrk debatten i kveld.

Han held fram at:

– Den nye ordra kjem til å slå ettertrykkeleg fast at vi har ytringsfridom, og den skal ikkje politiet blanda seg inn i.

Koranbrenninga i Kristiansand førte til fleire demonstrasjonar i utlandet. I Pakistan brann aktivistar det norske og det amerikanske flagget.