Ford vil ha reprise på tauduell: Bring it on, seier Elon Musk


Då Elon Musk lanserte Tesla Cybertruck førre torsdag hadde han også videoklipp som viser prestasjonane til bilen.

Eit av klippa viser kappkøyring med Porsche 911, der den store Teslaen lett parkerer sportsbilen. I eit anna klipp får vi sjå USAs mest selde pickup, ein Ford F-150, skrikande opp ein bakke.

I ein twittermelding bad visepresident i Ford, Sundeep Madra, Musk senda ein Cybertruck slik at dei kan gjera testen på nytt, og få ein meir rettferdig samanlikning. Madra meiner ein Ford F-150 med firhjulstrekk kan gjera det betre. Elon Musk svara rett etterpå «Bring it on».