Førre helg hadde organisasjonen Stopp islamiseringen av Norge (SIAN) demonstrasjon i Kristiansand. SIAN-leiar Lars Thorsen vart angripen då han tente på Koranen framføre 300 motdemonstrantar.
Som følgje brenninga av Koranen har fleire islamistiske organisasjonar anmeldt SIAN for påstått «hatkriminalitet». Salafist-organisasjonen Islam Net har uttalt at dei vil forsøkje gjera organisasjonar som SIAN ulovlege.
Fleire redaktørar og leiande juristar har derimot forsvart brenninga.
Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk skreiv på Twitter: «Politidirektoratets ordre om å gripe inn mot brenning av religiøse symboler er uakseptabel. Vi må passe oss nøye for å innskrenke våre friheter av frykt for hevnangrep. Da tillater vi at ytringsfrihet og religionskritikk blir islamistenes gisler».
Det var etter at presse- og foreningsmannen Arne Tumyr sa: «Politiet nektar oss brenne Koranen. Vi kastar den difor i avfallsdunken til Kristiansand kommune» at SIAN-leiar Lars Thorsen tente på Koranen. Sjå video nedanfor:
Etterpå har det komme mange reaksjonar. Selbekk meinar det er klart innanfor ytringsfridomen sine rammer å brenna Koranen.
I eit intervju tidlegare med Resett sa Selbekk at vi må passe oss for det at det vert ein standard for islam og ein standard for alt anna. Det er slik at du kan teikna karikaturar av kva du vil, berre ikkje av profeten Muhammed. Du kan brenna kva som helst, berre ikkje Koranen.
Jusprofessor: – Politiet ikkje kan sensurere koranbrenning
Nokre dagar etter brenninga kom det fram at det var politidirektør Benedicte Bjørnland som hadde gjeve ordre til eigne ansatte om at dei har lov til å bryta inn og avverge offentleg skjending av Koranen.
Bjørnland påstår at det å skjenda Koranen er brot på straffelova § 185 om hatefulle ytringar.
Dette er ikkje leiande jusprofessorar einige i.
Hans Marthinussen ved Universitetet i Bergen seier at politiet ikkje kan sensurere koranbrenning. Også jusprofessor Eivind Smith ved Universitetet i Oslo er tvilande til at politiet kan gripa inn mot brenning av Koranen.
Dana Manouchehri i organisasjonen for Likestilling Integrering og Mangfold (LIM) er sterkt kritisk til politidirektørens påbod om å gripe inn mot koranbrenning.