Aviser i Australia protesterer mot sensur og bevisst villeiing


MOT SENSUR: Ei av dei største avisene, The Sydney Morning Herald, hadde denne beskjeden på framsida søndag. Foto: Grafen.

Nesten alle landsdekkande aviser i Australia trykte søndag eit sensurert dokument på framsidene sine.

Dette skjer som ledd i ein samla protest mot det dei opplever som sensur, hemmeleghald og bevisst villeiing frå styresmaktene i landet.

Kampanjen rettar søkjelys mot korleis hemmeleghald og sensur er til skade for innbyggjarar og deira daglege liv.

Styresmaktene i landet har i lang tid dreve bevisst manipulasjon, hemmeleghald og sensur, og no er det landes hovudstraumsmedier som tek bladet frå munnen.

TV-stasjonen Channel 9 skriv at «folk har rett til å vita kva styresmaktene vel å gjere i ditt namn. I Australia vert folk som snakkar ut straffa, og journalistikk vert kriminalisert. Dette må ta slutt».

Nyhendebyråa ABC og NewsCorp fekk razzia

ABC skriv på Twitter at deira kontor vart utsett for razzia av politiet i 2017, då dei arbeida med saker med påstander om militære overgrep i Afghanistan utført av styresmaktene.

News Corp held fram at dei vart utsett for razzia etter ein artikkel om styresmaktene sine planar om å spionere på folks e-postar, tekstmeldingar og bankkonto.

I tillegg trekkjer dei fram fleire andre grove saker:

  • Blant anna er det rapportar om over 4000 angrep årleg på eldre som bur på aldersheimar. Styresmaktene vil ikkje seie om angrepa er utført av tilsette eller andre som bur i aldersheimane.
  • Journalistar vert jevnlig trakassert av politiet.
  • Ein varslar ved skattemyndigheitene risikerer 161 års fengsel for å ha varsla om maktmisbruk; der skattemyndigheitene tek pengar frå folks bankkonto utan at dei får vite om det.
  • Fengsling av barn ned i 10-års alderen.

Saka vart først omtalt på Steigan.no.