FNs spesialrapportør Nils Melzer: – Assange vert utsett for tortur


FNs spesialrapportør, Nils Melzer, har fleire ganger uttalt at WikiLeaks grunnleggjar Julian Assange vert utsett for tortur.

Assange si helse er alvorleg påverka av det vilkårlege og fiendlege miljøet han har vore utsett for gjennom ei årrekkje.

Nyleg reiste hans gamle far, John Shipton, frå Australia for å besøke fleire land for å rette merksemd mot dette. Shipton vil at britiske myndigheiter skal retta seg etter ein FN-rapport som slår fast at Assanges fridomsrøving er ulovleg.

Politisk motiverte anklager

WikiLeaks-redaktøren søkte for over seks år sidan tilflukt i Ecuadors ambassade i Storbritannia for å unngå utlevering til Sverige, etter at svenske myndigheiter hadde oppkonstruert politisk motiverte anklager mot han.

WikiLeaks vart verdskjent nokre år tidlegare etter publisering av krigsforbrytelsar begått av USAs styresmakter, og seinare e-postmeldingar som gjorde at Hillary Clinton tapte presidentvalet.

Tidlegare i år vart han pågripen då Ecudador trakk tilbake beskyttelsen i ambassaden. Same veka fekk landet utbetalt eit lån på over 4,2 milliardar dollar frå Verdsbanken.

Doble standardar

Storbritannias utanriksminister Dominic Raab sa tidlegare denne veka at landet vil innføre sanksjonar mot land som trakasserer journalistar:

– Storbritannia vil innføre sanksjonar mot autoritere regimer som trakasserer og fengslar journalistar og forkjemparar.

I følgje Raab skal sanksjonane inkludere økonomiske sanksjonar som frysing av pengar og verdiar, og innreiseforbod for tenestemenn i landa som vert underlagt sanksjonar.

FN-rapportør Nils Melzer har reagert på uttalen, sidan Storbritannia sjølv driv vilkårleg fengsling av journalistar og trakasserer desse.

– Dei fleste [journalistane] vert ikkje drepne under reportasje i krig, men dei er bevisst angripne, seier Raab.

Storbritannia har ikkje innført sanksjonar mot Saudi Arabia for drapet på journalisten Jamal Khashoggi.

Om Raab vil innføre sanksjonar mot seg sjølv for behandlinga av Julian Assange gjenstår å sjå.

Foto: United Nations.