Usikre på om alle høgskule-campusane har vorte styrka etter fusjonen


Det er berre i Bergen at høgskulen på Vestlandet greier fylla opp studieplassane sine. Det skriv Framtida.no i dag.

Ved studiestart er mindre enn 60 % av dei planlagde studieplassane fylt opp. Verst er situasjonen i Førde, medan Sogndal har 86,9 % fyllingsgrad. I Bergen er fyllingsgrada heile 101,4 %.

Professor Oddmund Løkensgard Hoel ved høgskulen i Sogndal seier til Framtida.no at utviklinga kjem av årsaker høgskulen ikkje har kontroll på.

I følgje professoren er fleire usikre på om alle campusane har vorte styrka etter fusjonen mellom studiestadane i 2017, og at alarmen bør gå om tal viser at slik styrking ikkje har vore tilfelle.

Hoel meiner at leiinga må evaluera prosessen grundig slik at alle studiestadane kjem betre ut av fusjonen.

Foto: Høgskulebygget i Sogndal/Grafen.