Professor ber norske medier dementere konspirering med russiske styresmakter


– Det er på tide at norske medier dementerer ryktene dei har spreidd om Julian Assanges konspirering med russiske styresmakter, seier professor i allmenn litteraturvitskap, Gisle Selnes, ved Universitetet i Bergen.

Fleire av dei etablerte mediene som NRK, VG og Aftenposten har skreve side opp og side ned om Assanges konspirering med russiske etterretning i forbindelse med Hillary Clintons valnederlag i 2016.

Aftenpostens Harald Stanghelle har fleire ganger dolka Assange i ryggen ved å kalla han for «demokratiets fidende» og at «Assange var varslarhelten som gjekk russaranes ærend for at Donald Trump skulle verta USAs president».

Nyleg tilbakeviste ein distriktsdomstol i New York alle slike påstader om samarbeid med russiske styresmakter.

Kriminalisering av journalistikk

Dommaren i saka, John G. Koeltl, plukka frå alle anklagene til den demokratiske nasjonalkomiteen (DNC) som har kokt saman «Russiagate» etter valnederlaget. Dei hevda mellom anna at Assange og Trump har konspirert med russiske styresmakter for å rappe dokument frå DNCs-tenarar og frå Clintons kampanjesjef John Podestas e-postkonto.

Koeltl har ikkje gjeve medhald på eit einaste punkt i saka. Anklagene mot russiske styresmakter er utanfor domstolens jurisdiksjon. WikiLeaks og Assange kan ikkje dømmast for å ha offentleggjort dokumenta:

Om WikiLeaks skulle haldast strafferettsleg ansvarleg for å ha publisert dokument som dreier seg om DNCs politiske, økonomiske og valorienterte strategiar berre fordi DNC ønskjer halde dei hemmeleg, så vil det same kunne skje med ei kvar avis eller medieplatform. Det ville i praksis vera kriminalisering av kritisk journalistikk og eit brot på det første grunnlovstillegget, skreiv Koeltl.