UiB: Resett.no meir påliteleg enn VG og Dagbladet meiner folk


Det skriv Universitetet i Bergen i sin årlege medieundersøkelse. Der får nettavisa 6.09 poeng av 10 mulige medan VG får 5.93 og Dagbladet 5,31 poeng.

Medieundersøkinga viser at personar med venstre-orientert politisk ståstad har mest tillit til NRK nyhende.

Tala viser stor polarisering hjå folk basert på politiske preferansar.

Redaktør for Resett, Helge Lurås, seier i kommentar til eiga avis at tala ikkje er overraskande:

– Her er alle som har høyrt om spurt. Tala viser det er stort sett folk på høgresida som les Resett, og at tilliten er høg hjå lesarane. Hjå folk som ikkje les, er tilliten låg.

Han seier at det er omtalen av Resett i andre medier folk på venstresida baserer seg på, og den er negativ:

– Viss du berre les om Resett i hovudstraumsmedia eller på Twitter, er det ikkje rart ein tykkjer Resett er upålitelege seier han.

Han oppmodar folk av andre politiske preferansar til faktisk å lese Resett, slik at dei kan gjere seg opp eiga meining.