Kommunelege i Sogndal brukte narkotika


Kommunelege i Sogndal, Andreas Michael Kronborg Franck (39), er dømd til trettiseks dagars fengsel for å ha brukt narkotika i arbeidstida medan han arbeida på Sogndal Legesenter.

Han vart også dømd for tjuveri av 42 ampullar morfin.

Ampullane hadde ein verdi på om lag 1 000 kroner der verdien isolert sett er å sjå som eit mindre alvorleg tjuveri. Retten viser i staden til at tjuveriet er begått i offentleg teneste og er eit grovt tillitsbrot.

Retten skriv at tilsette i helsevesenet, og legar spesielt, har eit stort ansvar i utøvinga av yrket. Dei skal ivareta personar som har behov for helsehjelp, og det er viktig å oppretthalde tilliten til helsevesenet.

Vidare vert det vist til at omsyn til ålmenta gjer seg sterkt gjeldande i saka og at det er i skjerpande retning at legen hadde fleire pasientar inne til konsultasjon medan han var påverka.

Franck tilstod alt i retten der påtalemakta hadde lagt ned påstand om 45 dagars fengsel. Tingrettsdommar Ida Kristin Bøen reduserte straffa med 9 dagar.

I dommen går det fram at legen hadde om lag 1,2 millionar kroner i årsløn. Han har arbeida ved Sogndal Legesenter sidan 1. mai 2012. 

Les også: Politibetjenten Zlatko Batarilo brukte politiet sitt register til ulovleg snoking

Oppdatert: Nina Vedholm i Helsetilsynet seier at Franck vart fråteken autorisasjonen som lege den 09.09.2019.


Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.