Vi kan ikkje lenger sitte umælande og late kombinasjonen av høg fart og dårleg dømmekraft få ha den politiske leiinga i kommunen skriv Wiggo Hustad


Ope brev til Lærdal kommune

Kvifor slik tittel på eit innlegg? Vi har jo ein slik hyggeleg, frisk, jovial ordførar. Svaret er todelt. Vi kan ikkje lenger sitte umælande og late kombinasjonen av høg fart og dårleg dømmekraft få ha den politiske leiinga i kommunen. Og vi kan ikkje late administrativ leiing få lov til å halde fram med å gjere elementære feil, med eller utan ordføraren si velsigning. Til saman blir dette ein sur lapskaus, som ikkje bør serverast oss etter valet til hausten.

Tre døme kan eksemplifisere ingrediensane og blandinga i lapskausen. Det eine kom til syne via Sogn Avis når entreprenør Brugrand påpeikte svært mangelfull administrativ kompetanse knytt til offentlege innkjøp, i samband kjøp av tenester til massetransport for høgding av terreng på Håbakken. Ei eventuell bot i KOFA vil treffe oss som betaler skatt, i tillegg til at vi truleg har fått ei for dyr teneste. At ein ikkje vil få att kostnadane pr. kvadratmeter tomt ved utleige eller sal kan ein også frykte. Men kva gjer det, det er jo fellesskapen sine midlar, ser ut til å vere ordføraren sin policy.

Det andre er lastverket når ordføraren hastar gjennom sal av ei tomt i Ofta, utan å ha sjekka rastilhøva under fjellfoten. Ein tomtepris til om lag 1/10 av det rassikringa vil koste, betyr at ein plukkar om lag 2,5 millionar kroner vekk frå alle andre gode formål i kommunen, og gir det til ein tomtekjøpar. Flott for den som får tomta, men ordføraren må svare for dette når ein skal finne pengar til skulefritidsordning eller helsetilbod til eldre. Men det er jo fellesskapen sine midlar.

Det tredje er det som fekk begeret til å flyte over for min del. Ordføraren presterer «i beste meining» å kjøpe tenester av seg sjølv, ved å tilby seg å få fiksa ein (brukt) turbo til ein kommunal bil. Han prissamanliknar ikkje same leveranse frå ulike tilbydarar. Han samanliknar pris på ny hos ein leverandør og brukt hos seg sjølv. Og finn ut at den brukte er billegare! Uansett er det etter mitt syn ikkje beløpet som er problemet, det er den komplette mangelen på dømmekraft. Det er ikkje berre dumt, det er etisk heilt uforsvarleg. Om det er lovleg bør ein jurist få lov å vurdere. Da vert det nesten utoleleg at rådmannen – før saka er handsama i kontrollutvalet – uttaler seg om saka, og langt på veg forsvarer ordføraren sin handlemåte. Det er gult kort! Forskrift om kontrollutval er tydeleg på at organet skal vere fritt til å vurdere utfall av sak. Da er det er viktig at kontrollutvalet får korrekt informasjon utan instruks frå den som har ansvar for sakstilfanget, eller som er administrativt ansvarleg for korrekt bruk av offentlege midlar.

Ordføraren meiner at saka som sto på trykk i Sogn Avis sist veke handlar om politikk – og såleis om eit kommande val – og at det er uheldig! Det er utruleg at vi har ein toppolitikar som tykkjer demokratiske prosessar er uheldige. At han føler seg foruretta når han møter eit kritisk lys, syner at ordføraren er ein medvindsseglar. Små kommunar som Lærdal, med vanskar med å fylle sentrale administrative funksjonar, vil møte mykje motvind i åra som kjem. Eg vil sterkt oppmode lærdølene å vurdere om dei ser seg tent med ei politisk leiing med manglande respekt for fellesskapen sine økonomiske ressursar, og sviktande etisk dømmekraft.

Foto: Grafen.