Den anerkjente journalisten Pepe Escobar seier til Asia Times at arrestasjonen av Wikileaks-redaktør Julian Assange er ein hevnaksjon frå USAs regjering som treff journalistikken i hjartet.
Han meiner at datoen, 11. april 2019, vil stå som forbrytelsen til vestlege verdiar og ytringsfridom.
– Biletet var grelt. Ein journalist og utgjevar i handjarn, dregen ut med makt frå innsida av ein ambassade medan han tviheld på Gore Vidal-boka «Historia om den nasjonale tryggleiksstaten», seier han.
Steigan.no viser til at USA sletta Ecuadors finansielle problem og beordra Det internasjonale pengefondet (IMF) til å utbetala eit lån på 4,2 milliardar dollar. Umiddelbart etterpå «inviterte» ecuadorianske diplomatar Metropolitian-politiet til å komma inn i ambassaden for å arrestere Assange.
Hans Rustad i Document.no skriv at så lenge Assange hengde ut USAs militære var han populær i vestlege medier, men då han gjekk laus på Hillary Clinton vart han forhatt:
– Assange er difor ein syretest: Sei meg kva du meiner om Assange og eg skal seie deg kven du er, skriv Rustad.
Eva Joly: – Assange i dag og oss andre i morgon
Jussveteran og korrupsjonsjeger Eva Joly meiner at arrestasjonen er eit angrep på presse- og ytringsfridom, og vil at mediene må stå opp for han:
– Om vi ikkje forstår at dette handlar om å verne pressefridom, då forstår vi heller ikkje at det er Assange i dag og oss andre i morgon, seier Joly til Klassekampen.
Joly seier at Assange fleire gangar tidlegare hevda at USA hadde hemmeleg etterforskning og arrestordre på han, noko som har vorte avvist som paranoia.
– I dag veit vi at han hadde rett, seier ho til Klassekampen.
Avisa The Guardian i Storbritannia var eit av medieorganisasjonane som først samarbeida med og seinare gjekk uklar med Assange.
– Men i dag er dei krystallklare på at ein må stå opp for rettane hans, og at dei ser på saka eit spørsmål om ytringsfridom.
#SaturdayMorning #BenGarrison #cartoon #FreeAssange #DeepStateCorruption #RealJournalism What has Assange done? As a journalist, he exposed the truth. He exposed an ugly face of corruption.
Great Post at https://t.co/5BCKtJBIun pic.twitter.com/jBVe3IKT9h
— Real Ben Garrison Cartoons (@GrrrGraphics) April 13, 2019