Høgskulen på Vestlandet: Tilsett vart varsla på etter lesarinnlegg


I byrjinga av mars skreiv Johannes Idsø eit innlegg om barnevern og maktmisbruk. Det skapte mykje engasjement og fekk positive omtalar. På Grafen fekk innlegget fleire tusen visningar på få dagar.

Idsø vart i etterkant invitert til å halde føredrag på ein konferanse om menneskerettar i Bergen, noko han takka ja til og gjorde.

Vart varsla på av kollega

Sogn Avis skriv i dag at Idsø vart kontakta av førsteamanuensis Tone Jørgensen veka etter innlegget:

Jørgensen trappa opp på kontoret til Idsø på Fosshaugene Campus og gav uttrykk for at det var kritikkverdig. Jørgensen underviser i barnevernsarbeid ved høgskulen på Vestlandet.

Seinare vart Idsø kontakta av instituttleiar Tom Skauge ved høgskulen. Han hadde motteke varsling som gjaldt innlegget.

Til instituttleiaren spør Idsø om tilsette ved høgskulen ikkje har akademisk fridom til å uttala seg om forhold i samfunnet som dei meiner bør rettast.

Skauge la vekk varslinga. Til Sogn Avis sa han at sjølv om Idsø skulle brukt sin stillingstittel i innlegget ville det vera langt utanfor hans fantasi at dette skulle vera ei varslingssak.

Han understrekar at varslingsinstituttet er oppretta for heilt andre typar saker enn lesarinnlegg.

Grafen stilte førsteamanuensis Tone Jørgensen desse spørsmåla, men har så langt ikkje fått svar:

  • Kva hadde du til hensikt å oppnå med varslinga di?
  • Kvifor vil du hindre kollegaer i å seie sine meiningar?
  • Forstår du at dine haldningar kan skade omdømmet til høgskulen på Vestlandet?
  • Har du vurdert å seie opp stillinga di?