Advokat Jon Wessel-Aas med sleivspark mot Resett.no


Advokat Jon Wessel-Aas var ei tid ein mann med integritet i spørsmål om ytringsfridom og personvern. Sjølv Piratpartiet viste til han i 2012, på grunn av sitt engasjement i saker som fall saman med partiets politikk.

I dag har mannen skreve over 77 000 innlegg på mikrobloggen Twitter, og tastar heile dagen utan stogg.

Dei seinare åra har han komme med ei rekkje kontrovers, som har fått fleire redaksjonar til å reagere. I 2017 hadde Grafen sak om Wessel-Aas, der han forsøkte felle lokalavisa Sogn Avis i Pressas faglege utval (PFU).

Sogndal kommune betalte han over 100 000 kroner for å skriva klage. Dette etter fleire store oppslag om kritikkverdige forhold i Sogn barnevern. I forsøk på å vri seg unna meir kritikk skulle Wessel-Aas gjere sitt beste, men han tapte saka på alle punkt.

Fleire advokatkontor Grafen har snakka med i Sogndal nektar ta på seg oppdrag for Sogn barnevern. Ein advokat sa det var «lukrativt økonomisk» og kommunen betalar godt, men han vil ikkje risikere svekt omdøme på grunn av assosiasjon til barnevernstenesta.

Opplyser ikkje om økonomiske bindingar

Advokat Jon Wessel-Aas let seg også intervjue av klientane sine bloggar/nettstadar utan at det vert opplyst om økonomiske bindingar og arbeidsforhold. Propagandasentralen Antirasistisk senter er eit døme, men også NRKs intervju:

Wessel-Aas var tilsett i det statlege nyhendebyrået i heile tolv år. NRK intervjuar han støtt og stadig utan å opplyse om dette, og legg til ymse titlar som «[eitt eller anna]ekspert».

Nyleg var han ute med nytt sleivspark i høve Resett.nos offentleggjering av ein dom til ei 71 år gammal kvinne som kalla den norsk-somaliske samfunnsdebattanten Sumaya Jirde Ali ein «korrupt kakerlakk».

Doktor i Russisk historie, Bjørn Nistad, tok kort tid etter eit oppgjer med Wessel-Aas på Resett.no:

– Wessel-Aas medgir sjølv at ein politijurist som tek ut tiltale mot ein person, for eksempel for påstått hatefulle ytringar, må tola å få namnet sitt offentleggjort sidan dette er offentlege opplysningar som ålmenta har rett til å få adgang til. Det same prinsippet må gjelda for dommar, inkludert namna på dommarar, meddommarar og aktor, sidan dommar også er offentlege dokument, seier Nistad i kommentar til Resett.no.

Nistad seier at for å hindra Resett.no og andre i å publisera dommar dei må vera kritiske til, inkludert namna på dommarar, meddommarar og aktor, måtte det vedtakast ei lov som gjer det forbode å offentleggjera rettsavgjerder.

– I så fall skulle det vera interessant å lesa norske myndigheiters rapportar til FN og andre internasjonale organ om korleis menneskerettane vert overhelde her i landet!, legg han til.

og vidare:

– Å diskutera ein dommars bakgrunn, familiære forhold og anna som kan virka inn på vedkommandes embedsutøving, må i utgangspunktet vera legitimt sidan det dreier seg om habilitet og tillit til rettsvesenet.