Mattilsynet: – Ikkje farleg med Roundup-spor i øl


Nyleg vart det kjent at den amerikanske forskningsorganisasjonen U.S. PIRG hadde gjort funn av glyfosat i 14 ulike øltypar og nokre vinar på den amerikanske marknaden. Desse inkluderer kjente merkevarer som Budweiser, Corona, Heineken, Guinness og Stella Artois.

Glyfosat er eit aktivt stoff som vert nytta i plantevernmiddel mot ugras, og er det aktive stoffet i Roundup. Plantevernmiddelet er mykje brukt i Noreg.

Grafen har spurt Mattilsynet om dette er påvist i dei same øltypane som vert selt i Noreg.

Tilsynet seier dei ikkje sjølv analysert øl for restar av glyfosat, men:

– Det kan forventast å finna nokre restar av glyfosat i øl sidan stoffet er godkjent brukt ved produksjon av korn (ingrediens for malt, journ. anm.) og humle.

– Det er nokre år sidan Mattilsynet tok prøvar av øl for analyse av plantevernmiddelrestar og desse vart ikkje analysert for restar av glyfosat, seier tilsynet til Grafen.

Det er heller ikkje fastsett grenseverdiar for prosesserte produkt for glyfosat, men det finst grenseverdiar for råvarene korn og humle i regelverket for plantevernmiddelrestar i mat og fôrvarer.

Uvisse om kva som er rett

Mattilsynet opplyser til Grafen om ein tysk undersøkelse frå 2016, der tyske myndigheiter ved Bundesinstitut fur Risikobewertung påstår at ein person på 60 kilo må drikka meir enn 1 000 liter øl kvar dag når det vert teke utgangspunkt i høgste nivå i undersøkinga før ein overskrider akseptabelt dagleg inntak for glyfosat.

Den europeiske myndigheita for næringsmiddeltryggleik har nyleg risikovurdert plantevernmiddelet glyfosat, og det vert arbeidd i EU med å revurdere stoffet.

U.S. PIRG hevdar på si side at låge nivå glyfosat er problematisk, og kan føra til risiko for kreft og forstyrringar i hormonsystemet. Forskningsorganisasjonen vil at glyfosat skal vera forbode inntil det er bevisst at stoffet er trygt.