Talskvinna for det kinesiske utanriksdepartementet, Hua Chunying, oppmoda tysdag kveld fleire land til å slutte bruke unnskyldningar for datatryggleik og hacking for å svartmåle eit bilete av Kina og kinesiske verksemder, som Huawei.
Det melder det kinesiske nyhendebyrået Xinhua. Departementet trekkjer særleg fram påstanden om innbrot i det norskutvikla økonomisystemet Visma og skuldingar om at Kina forsøkjer stele intellektuell eigedom og bedriftshemmelegheiter.
– Kina har alltid meint at cybertryggleik er eit globalt problem relatert felles interesser i alle land, og må tryggast av det internasjonale samfunnet gjennom felles innsats, sa Chunying.
Dei som verkeleg bryr seg om datatryggleik må aldri gløyma «PRISM»-programmet, Equation Group og det verdsomspennande WannaCry ramsomware-angrepet som vart forårsaka av USA, seier talskvinna, og legg til at det var desse hendingane som utløyste den globale alarmen for global cybertryggleik.
Chunying understrekar at Internett består av eit mangfoldig samfunn, og er svært virtuelt. Ein skal ikkje smørja andre med grunnlause gjettingar, seier ho.
– Kina er forkjempar for cybertryggleik og vil at det internasjonale samfunnet i fellesskap skal handtere trugsmål gjennom dialog og samarbeid på grunnlag av gjensidig respekt, likestilling og gjensidig nytte.
Uansvarlege påstander, press og sanksjonar vil berre auke spenninga og konfrontasjonen, og forgifte samarbeidsklimaet, avsluttar Chunying.
Drakamp om den fjerde industrielle revolusjonen
Noreg og andre land i Europa er for tida under sterkt press frå USAs regjering for å droppe eller nedskalere forbindelsane til Huawei i forbindelse med utbygging av femte generasjons mobiltenester (såkalla «5G»).
Nettverket er omtala som den fjerde industrielle revolusjonen og handlar om «tingenes Internett» og «smarte heimar», der gjenstandar koplar seg saman og utvekslar data, som til dømes kjøleskåp, smartbelysning og smarte straummålarar.
I følgje Wikipedia er det nær 200 milliardar slike gjenstandar og volumet aukar.
Den fjerde industrielle revolusjonen var tema på årets Word Economic Forum, og fleire nettaviser som The Drum og Financial Express går langt i å antyde at den som gjer størst framsteg i 5G-marknaden vil leie revolusjonen.
Så langt har den kinesiske telegiganten Huawei meir enn 32 % av verdas 5G-patentar medan USA sit med 17 %.
Kina har som mål å verta verdsleiande innan telekommunikasjon, robotar, grøn energi, sjø og høgteknologisk skipsfart.
Foto: Mobile World Congress/Huawei.