No kan du prøva verdas første halal-nettlesar


Den malaysianske gründerverksemda SalamWeb vil lage halal-oppleving for muslimar som inkluderer meldingar, nettlesing og nyhende redigert etter islamsk lov.

I følgje islamsk lov er det mykje ulovleg på Internett: herunder gambling, pornografi og drikking av alkohol. Målet til det nyskipa føretaket er å oppnå ein marknadsandel på 10 % av verdas 1,8 milliardar muslimar.

– Vi vil gjera Internett til ein betre stad, seier Hasni Zarina Mohamed Khan til nettstaden Blomberg.

Khan legg til at dei veit Internett har både det gode og det dårlege, og difor skal SalamWeb tilby eit vindauge  på Internett som let muslimar sjå det gode.

Appen har forskjellige funksjonar som mellom anna skal optimalisere den muslimske levevegen. Dette inkluderer alarm for bønnetider, kompass som viser vegen til Mekka og nettfilter som fjernar alkohol og anna griseri.

Saka vart først publisert i Resett.no

Foto: SalamWeb/Grafen.