Brannbilen i den tragiske ulukka på Rv 55 ved Lomelde i Sogndal var ein ombygd mjølkebil


Statens vegvesen har i dag frigitt rapporten frå den tragiske ulukka på Rv 55 ved Lomelde i Sogndal, 11. april i fjor.

Brannbilen i ulukka var ein ombygd mjølkebil og ulukkesgruppa skriv at tankstorleiken var i overkant av kva køyretøyet kan frakta lovleg.

I rapporten meiner ulukkesgruppa at følgjande har medverka til at ulykka skjedde:
* Manglande erfaring med å køyre utrykning med tankkøyretøy
* manglande skott i lengderetning som kunne redusert skvulping
* Fart etter forhold (veg og type køyretøy/last)
* Høgt tyngdepunkt på brannbil (væske i bevegelse)
* Mange kurver på rad
* Overstyring PGA (lågt dekktrykk)
* Køyrar havnar utanfor asfaltkant
* Overkorrigerer på rattet for å få bil opp på asfalt igjen
* Møtande har ingen plass for å avverge situasjonen

Statens vegvesen skriv i rapporten at føraren av brannbilen hadde rett til å køyre utrykning, men at han ikkje hadde køyrt denne bilen på utrykning tidlegare. Dei viser også til svært lang tid på å frigjere den skadde bilføraren.

Her kan du lesa heile rapporten


Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.