Utspel frå PST-topp fører til mobbing og diskriminering


I eit lesarbrev til Bergens Tidende 3. september i fjor skreiv ei russisk kvinne at dottera vart fortalt av ein klassekamerat at «Russland er det mest aggressive landet i verda». Dottera har norsk statsborgarskap og russisk mor. Ho pratar flytande russisk og er stolt av sin russiske bakgrunn.

Innsendaren av lesarbrevet meiner det negative biletet av Russland vert formidla gjennom norsk massemedia via PST.

Bak spydspissen av anti-russisk propaganda står Jon Fitje Hoffmann. I den såkalla «årlege trugselvurderinga» hevda Fitje Hoffmann at «det største skadepotensialet kjem frå Russland» og at «det er muleg at Russland kan bruke makta si mot Noreg». Han argumenterte mellom anna med at Russland er eit stort land, og trakk fram den tolv år gamle Litvinenko-saka.

Kvinna bak lesarbrevet skreiv at Russland er eit stort land som ligg ved sida av Noreg, og at dei har militærteneste som alle andre land i verda. Litvinenko -saka er så gammal den er unødvendig å kommentere.

Ho stiller spørsmål ved om russiske myndigheiter har sagt noko negativt om Noreg. Det var ikkje nemnt i presentasjonen til Fitje Hoffmann, og han kunne heller ikkje bevise nokon ting.

I sitt innlegg spør den norsk-russiske kvinna om PST er klar over konsekvensane slike påstander om Russland fører til.

Grafen meiner at Fitje Hoffmann må stoppe den ondsinna spreiinga av anti-russisk propaganda, slik at barn i barnehagar og skuleelevar ikkje verte mobba på grunn av nasjonalitet.