Held fartsgrensa i verdas lengste tunnel


Staten henta inn litt over 2,6 millionar kroner i fjor på Fodnestunnelen og Lærdalstunnelen. Hittil i år har fotoboksane henta inn nesten 700 tusen kroner.

Bilar i høg fart mot ferja Fodnes – Mannheller la att meir enn 1,6 millionar kroner i statskassen i 2017. I den andre retninga la bilistar att nær 600 tusen kroner. Fotoboksane i Fodnestunnelen er dei som hentar inn mest i Indre Sogn.

I løpet av dei første fire månadane i 2018 vart det skrive ut 192 førelegg i Fodnestunnelen og 20 i Lærdalstunnelen. Sum bøter for Lærdalstunnelen er på knappe 66 600 kroner, mot Fodnestunnelen som har henta inn 609 tusen kroner allereie.

Vivi-Ann Haukås som er einingsleiar ved politiets ATK-sentral seier til Grafen at Gudvangatunnelen var ute av drift i heile 2017, og er difor ikkje med.

Her er oversynet som viser anmeldelsar, forenkla førelegg, førarkortbeslag og bøter i kroner. Tal førarkortbeslag er i følgje Haukås inkludert i anmeldelsar.

2017
Fotoboks Anmeldelsar Forenkla førelegg Førarkortbeslag Bøter, i kroner
E16 Lærdalstunnelen mot Aurland 11 67 2 183 950
E16 Lærdalstunnelen mot Lærdal 16 62 1 166 900
Rv5 Fodnes nord 18 185 6 584 250
Rv5 Fodnes sør 21 523 6 1675 200
Sum 66 837 15 2 610 300
2018 (januar – april)
Fotoboks Anmeldelsar Forenkla førelegg Førarkortbeslag Bøter, i kroner
E16 Lærdalstunnelen mot Aurland 2 9 30 600
E16 Lærdalstunnelen mot Lærdal 2 11 36 000
Rv5 Fodnes nord 2 64 2 210 700
Rv5 Fodnes sør 2 128 2 398 800
Sum 8 212 4 676 100

Foto: Grafen.