Denne artikkelen er meir enn eitt år gammal og kan innehalde utdatert informasjon.

Lærdal elveeigarlag går til sak mot Statens vegvesen etter at massar frå eit usikra deponi vart spylt ut i Lærdalselvi.

Det var under storflaumen i 2014 at ei sideelv gjekk over sine breiddar og drog med seg massar frå eit deponi ut i Lærdalselvi. Deponiet stammar frå bygginga av Lærdalstunnelen, og er lagra i Tynjadalen.

Mark Brooks i elveeigarlaget seier til Grafen at Statens vegvesen har no gjort ein stor innsats for å sikre deponiet på 1,6 millionar kubikk fra verdas lengste tunnel.

– Problemet er at dei ikkje sikra deponiet som konsesjonen tilsa då dei ferdigstilte tunnelen, seier Brooks.

Han meiner også at ingen har kontrollert eller revidert Statens Vegvesen.

Det var flaumen i 2014 som gjorde stor skade på deponiet og tusenvis av kubikk med urein masse vart spylt ut i elvi, og støypte att botnen.

Elveeigarlaget meiner at all yngel og rogn vart utradert som følgje hendinga.

Brooks seier at elveeigarlaget har stevna Statens vegvesen i påvente av analysar, og at dei sit på mykje fakta og dokumentasjon for dette.

Foto: screenpunk/Flickr.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.