Skyhøgt sjukefråvær ved NAV Sogndal


I følgje anonyme kjelder skal sjukefråværet ved NAV Sogndal ha vore over 40 % med mykje langtidsfråvær den siste tida. Leiar ved NAV Sogndal, Grete Hagen, har ikkje ville svare på spørsmål.

Direktør ved NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes, stadfestar ovanfor Grafen at fråværet er høgt. Thorsnes seier at gjennomsnittleg fråvær dei tre første månadane i år har vore 25 % for både statleg og kommunalt tilsette ved NAV kontoret som held til i kulturhuset.

For grannekommunen Leikanger er dei same tala 2,8 % for statleg tilsette og 0 % for kommunalt tilsette. Skilnaden mellom Sogndal og Leikanger er med det 25 % når det kjem til sjukefråvær.

Thorsnes hevdar at lite av sjukefråværet er arbeidsrelatert. Han seier at tilrettelegging og oppfølging vert drøfta i partnarskapen mellom stat og kommune.