Politibetjent brukte politiet sitt register til ulovleg snoking og delte informasjon


Det er Zlatko Batarilo, per i dag tilsett som politibetjent ved Politiets utlendingseining i Oslo, som misbrukte tilgangane sine til å snoke i politiet sitt datasystem.

Grafen har tidlegare skreve om ein aukande ukultur for journalsnoking. Blant anna utnytta ein seksjonssjef i NAV tilgangane sine til å gjere oppslag på kjendisar og naboar. Seinare vart også ein annan NAV-sjef teken i snoking, då for å snoke på eigne kollegaer.

Les også: «Snokesjefen» i NAV var leiar av juridisk seksjon

– Arbeider fortsatt hjå Politiets utlendingseining

Zlatko Batarilo er fortsatt i full jobb hjå Politiets utlendingseining. Det til tross han er tiltalt for ulovleg journalsnoking, og har gjort over 70 ulovlege oppslag utan tenestleg behov. I NAV har etter det nettmagasinet kjenner til tilsette fått avskjed for slike ulovlege handlingar.

Grafen har ikkje greidd få Politiets utlendingseining i tale på kvifor Batarilo fortsatt har stilling der.

Flesteparten av søka gjorde Batarilo på eigen bustadadresse. Han skal også ha gjort søk heime hjå ei kvinne i 30-åra med asiatisk etnisitet. I tillegg til å ha gjeve kvinna opplysningar frå registeret, lot Batarilo kvinna fotografere eit signaleringsfoto av ein mistenkt person.


Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.