Hyllestad-lensmann køyrde bil i pillerus


Det var Hyllestad-lensmann Egil Husabø som i november 2016 køyrde bil i ruspåverka tilstand, og øydelagde ein annan bil for meir enn 50 000 kroner.


Spesialeininga for politisaker la som dei pleier vekk saka.

Grafen arbeidde med saka i nesten eitt år, og det har vore særs vanskeleg å få ut informasjon frå Vest politidistrikt. Eit 24 år gammalt dokument frå Fylkesmannen var det som skulle til for å avsløre Husabøs namn.

Det var ein sløv morgon i november 2016 at Husabø køyrde ein sivil politibil frå Hyllestad til Høyanger for å henta «beslag». Før Høyangertunnelen køyrde han inn i ein annan bil og øydelagde den for meir enn 50 000 kroner.

Sjølv meinte Husabø at bilen han køyrde hadde «mjuke bremsar» og at det var årsaka til kollisjonen. Tekniske undersøkingar viste at bilen var i orden. Årsaka til kollisjonen skulle vise seg å vere noko heilt anna.

Køyreturen mellom Hyllestad og Høyanger tek 1 time og 10 minutt.

På ettermiddagen den 29. november kom Husabø inn på lensmannskontoret i Høyanger og henvende seg i skranken. I følgje rapporten gjekk han inn iført sivile klede utan tenestebevis, og mumla om at han skulle henta beslag. Uoppfordra byrja han også snakke om at han hadde køyrt på noko, eit tilhengarfeste, og at bilen hadde dårlege bremsar.

Den påkøyrde bilen flytta seg ein halv meter med handbrekket på.

Var ruspåverka

I følgje rapporten vart det teke blodprøve av Husabø klokka 16:32. Kollisjonen skjedde klokka 13:00. Då hadde Husabø allereie køyrt bil i minst 1 time og 10 minutt.

Då blodprøven vart teken var konsentrasjonen 0,031 mikromol per liter (over grensa på 0,2 promille) klokka 16:32. Det er 4 timar og 42 minutt etter at han sette nøklane i bilen.

Mona Skaaden-Bjerke som er juridisk rådgjevar hjå Spesialeininga for politisaker, seier til Grafen at forskrifta om fastsette grenser for påverknad ikkje vart brukt i denne saka sidan legemiddelet var utskreve av lege.

Spesialeininga for politisaker meiner difor at det ikkje er bevist utover rimeleg tvil at Husabø kunne straffast for ruspåverka køyring, og la difor vekk saka etter «bevisets stilling».

I følgje eigen forklaring tok Husabø 3,75 mg Zopiclone «om kvelden» før han la seg. Dersom Husabø gjekk til sengs midnatt, eller for eksempel klokka 01:00, har det gått heile 15 timar og 32 minutt frå inntak av tablett til blodprøvetaking. Det som er klart er at både Spesialeininga og Husabø har eit forklaringsproblem når blodprøveresultat svarar til 0,2 promille så mange timar etter.

Seinast i januar 2018 vart ei kvinne dømd til fengsel for ruskøyring på grunn av høg konsentrasjon Zopiclone i blodet. Sjølv om det var foreskreve lege, kom retten til at konsentrasjonen var langt høgare enn vanleg for legemiddelet.