Tidlegare banksjef, fiskeriminister, fylkesmann og Høgre-politikar Svein Ludvigsen sikta


Det er Svein Ludvigsen som er den omtalte «samfunnstoppen» frå Tromsø som er sikta av politiet. Han vart vartetektsfengsla med brev- og besøkskontroll 4. januar. Her på biletet er frå tida han var fylkesmann.


Ludgivsen er etter det nettmagasinet kjenner til sikta for menneskehandel og for å skaffe seg seksuell omgang ved misbruk av stilling.

Ut frå det som står i andre medier er dette omgang med unge menn og unge gutar.  

Nettmagasinet veljer som andre medier å offentleggjere Ludvigsens namn av omsynet til ålmenta.

Resett.no skriv at Ludgivsen er medlem av frimurarlosjen og har enormt kontaktnett i Nord-Noreg, og at dette kontaktnettet kan spele rolle i etterforskinga.

Tidlegare anmeldelser har ikkje uventa vorte henlagt.

Unnateke offentlegheit

Det høyrer med til saka at dommaren som skreiv kjennelsen 4. januar, Bjørn André Holmen, var tilsett i firmaet til Ludvigsens forsvarer Ulf E. Hansen.

Holmen sjølv har ovanfor Resett.no sagt at han meiner det er uproblematisk.

Holmen har unnateke kjennelsen etter domstolloven § 130, og nettmagasinet her kan difor ikkje sitere kjennelsen. Grunngjevinga for dette var visst nok omsynet til Ludvigsens «ærbarhet».

Foto: UiT/Flickr.


Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.