Her er barnevernsleiaren som fekk åtvaring i Sogndal kommune

    Denne artikkelen er meir enn eitt år gammal og kan innehalde utdatert informasjon.

    Det var tidlegare barnevernsleiar Hanne Veum som fekk åtvaring i Sogndal kommune. Veum arbeidar no hjå NAV Sogndal. Etter ein årelang treneringsprosess både hjå kommunen, og seinare Fylkesmannen ved Ove Midtbø er dokumentet frigjeve.

    Last ned dokumentet her

    Usemje om åtvaringa er korrekt

    Veum meiner på si side at åtvaringa er urettmessig og byggjer på uriktige påstander. Dette skal vere gjort nærare greie for i eit tilsvar.

    Veum seier at ho opplever åtvaringa som eit mareritt der ho står heilt makteslaus.

    – Eg kan ikkje på eige hand offentleggjere tilsvaret utan at eg risikerer å miste jobben min i Sogndal kommune, sjølv om eg har veldig lyst til å be FO sende ut tilsvaret slik at eg kan bli reinvaska frå dei oppkonstruerte og usanne påstandane i advarselen, seier Veum i e-post.

    Veum har imidlertid ikkje ville gje innsyn i tilsvaret til kommunen.

    – Eg må berre vente på at Fylkesmannen behandler ferdig saka seier Veum, som understrekar at Sogndal kommune har underslege dokumentet på postlista, slik at ingen kunne be om innsyn i det som var tilsvaret.

    OPPDATERING: Fylkesmannen har oversendt FO-tilsvaret den 07.02.2017. Les heile tilsvaret her!


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.