Vil at eldre skal selje bustaden sin for å finansiere eigen eldreomsorg

Det tyske partiet CDU, under leiing av statsminister Friedrich Merz, har lagt fram eit forslag som vekkjer oppsikt: Eldre menneske i Tyskland bør i framtida i større grad selje eller pantsetje eigen eigedom for å dekkje kostnadene til pleie og omsorg på sine siste dagar.

Forslaget er ein del av ein større plan om omfattande kutt i dei sosiale velferdsordningane i landet, der målet blant anna er å frigjere offentlege midlar til opprusting og forsvar.

Eigenkapital før statleg støtte

Ifølgje forslaget frå det kristendemokratiske partiet skal statlege overføringar til eldreomsorg strammast inn. I staden for at staten tek rekninga, blir det foreslått at personar med formue – og då særleg i form av eigen bustad – må bruke desse verdiane først.

Dette betyr at eldre kan bli nøydde til å selje husa sine eller ta opp lån med pant i eigedom for å betale for sjukeheim eller heimesjukepleie – etter å ha betalt skatt og avgift heile livet til staten.

Regjeringa under Merz har peika på at dagens lovfesta pensjons- og omsorgsforsikringar i framtida berre vil fungere som ei «grunnsikring». Standard livsopphald og omfattande pleie vil difor krevje betydeleg meir privat finansiering enn i dag.

Forslaget har allereie møtt kraftig motbør, ikkje berre frå opposisjonen og fagforeiningar, men òg internt i Merz sitt eige parti. Kritikarar meiner at ein slik politikk rammar den vanlege middelklassen hardt – menneske som har arbeidd eit heilt liv og spart i eigen bustad for å kunne overlate noko til barna sine.

Hubert Hüppe, leiaren for seniororganisasjonen i CDU, har gått ut mot eigne partifellar og uttalt at dei som har jobba og betalt inn til systemet i eit langt liv, må sitje att med meir enn berre eit minimum, utan å bli tvungne til å selje heimane sine.

Tyskland står overfor store økonomiske utfordringar med budsjettunderskot, økonomisk stagnasjon og ein aldrande befolkning.

For å handtere dette har koalisjonsregjeringa foreslått store kutt i helse-, pensjons- og velferdsutgifter fram mot 2030. Samstundes blir det satsa tungt på militærreformer, noko som gjer at debatten om kven som skal ta rekninga for eldrebølgja, er ekstra tilspissa.


Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.