Er rettferda selektiv, eller skal lova gjelde likt for både fattig og makteliten? Dommen mot Hannah Dugan sender eit rystande signal gjennom det amerikanske rettssystemet: Ingen dommar står over lova dei er sette til å forvalte.
I årevis sat ho på den opphøgde dommarstolen i Milwaukee County og feller dommar over andre. No er rollene snudde. Onsdag 18. desember 2025 blei Hannah Dugan sjølv funnen skuldig i eit føderalt lovbrot som kan sende henne bak lås og slå i fem år.
Saka har splitta USA, men for mange står konklusjonen att som ein siger for rettstryggleiken: Sjølv ikkje ein sitjande dommar kan velje og vrake i kva lover ho ønskjer å følgje.
Ein flukt i rettssalen
Bakgrunnen for saka er ei hending frå april 2025 som høyrest ut som eit filmmanus. Medan agentar frå dei føderale styresmaktene (ICE og FBI) venta i korridoren utanfor rettssalen for å pågripa ein papirlaus immigrant, tok Dugan saka i eigne hender.
I staden for å late rettsprosessen gå sin gang, valde dommaren å leie mannen ut gjennom ei privat sidedør i rettssalen. Ved å gjere dette hindra ho aktivt politiet i å utføre jobben sin.
Kritikarar meiner handlinga var eit grovt tillitsbrot.
Etter fleire dagar med vitneforklaringar og bevisføring, var juryen klar. Dugan blei funnen skuldig i å ha hindra rettsprosessen (obstruction of justice, red. anm.). Sjølv om ho blei frikjent for det mindre punktet om å skjule ein person for arrestasjon, er dommen på det alvorlegaste punktet knusande.
I Wisconsin er lova klar: Personar som er dømde for alvorlege brotsverk (felonies, red. anm.), kan ikkje inneha offentlege verv. Det betyr at Dugan etter alt å dømme har utført sin siste handling som dommar.
Selektiv rettferd eller maktmisbruk?
Saka har skapt ein valdsam debatt om «aktivist-dommarar». Tilhengjarane til Dugan meiner ho handla ut frå medkjensle, men påtalemakta og juryen har slått fast at personlege kjensler ikkje gir fritak frå lova.
Spørsmålet som står att er kva signal dette sender til resten av landet. Ved å dømme Dugan har det føderale rettssystemet statuert eit døme: Rettferda er ikkje selektiv. Ho er blind, og ho krev at alle – særleg dei i svarte kapper – følgjer dei same reglane som resten av befolkninga.
Dugan ventar no på utmålinga av straffa, som vil skje på nyåret. Ho risikerer opptil fem år i føderalt fengsel.

