Då Politidirektoratet endeleg greip inn etter tre månaders trenert innsynskrav, svara kommunikasjonsmedarbeidaren i Finnmark politidistrikt med ein fleip. No vert det stilt spørsmål ved om haldningane i politiet er foreinelege med samfunnsoppdraget.
Eit krav om innsyn i ei personalsak vedkomande ein politimann har avdekt det som vert skildra som ei total mangel på respekt for offentleglova og borgarane sine rettar. Etter månader med teie og trenering, enda saka med at Politidirektoratet (POD) måtte overstyre eigne tilsette.
Seksjonssjef Frode Aarum ved Politidirektoratet svara Grafen 18. desember at avskjedssaken framleis ligg til handsaming hjå klageorganet, Det sentrale ansettelsesrådet til politiet.
Månader i mørke
Det er mørkt i Finnmark denne årstida, men mørkare i politiet sine korridorar. Saka starta alt 22. september 2025, då det vart kravd innsyn i ei mogleg avskjedigelse av ein tenesteperson. Kommunikasjonsmedarbeidar Silja Arvola stadfesta 30. september at saka var «under behandling».
Etter dette vart det heilt stille. Trass purringar nekta Arvola å svare. Først då Politidirektoratet vart kopla inn direkte, kom det fart i sakshandsaminga. 18. desember – nesten tre månader etter det opprinnelege kravet – måtte direktoratet sjølv svare på innsynskravet fordi den lokale eininga hadde late saka liggje.
Fleipa med lovbrot
Det som vekkjer mest reaksjonar er likevel det som skjedde dagen etter at direktoratet hadde gripe inn. I staden for ei orsaking for den ulovleg lange behandlingstida, valde Arvola å møte kritikken med humor.
Får jeg mulkt😊
Dette får Grafen til å reagere kraftig. I ein formell klage til Politidirektoratet vert det no sett spørsmålsteikn ved om slike haldningar er representative for etaten.
– At ein sakshandsamar i politiet kan gjere narr av brot på offentleglova, er skremmande. Det viser ei arroganse overfor det lovverket dei sjølve er sette til å forvalte, seier redaktør.
Eit mønster av ulydnad?
Saka føyer seg inn i ei rekkje dokumenterte tilfelle der politiet har vorte kritisert for dårlege haldningar og manglande openheit. Grafen har tidlegare publisert fleire saker som belyser kritikkverdige forhold og ein ukultur prega av maktmisbruk og lukka prosessar.
Offentleglova set klare krav om at innsyn skal givast «utan ugrunna opphald». Når sakshandsaminga dreg ut i månader, og vert avslutta med ein sleivkjefta kommentarar, tyder det på at lovverket i praksis er valfritt for enkelte i etaten.
Politidirektoratet har førebels ikkje kommentert fleipen frå Arvola.

