Statens vegvesen har sendt utkast til nytt regelverk på høyring. Forslaget opnar for å bøteleggje både sjåførar og transportselskap for avrenning av smeltevatn frå fisketransport. Norges Lastebileier-Forbund (NLF) rasar og hevdar ansvaret vert lagt på feil aktør.
Knut Gravråk, administrerande direktør i NLF, kallar forslaget «urimeleg og uakseptabelt». Han meiner styresmaktene dreg lasset feil veg, og at problemet ligg utanfor transportørane sin kontroll.
– Transportørane skal ikkje betale for problem dei ikkje kan styre, seier Gravråk.
Fanga i eit regelverkskrysspress
Roten til problemet er at fisken skal pakkast med is, etter krav frå Mattilsynet. Når isen smeltar, renn vatnet ut gjennom opne kasser, og dette kan føre til reaksjonar frå både politiet og Statens vegvesen.
Den einaste måten transportøren kan stoppe avrenning på, er å senke temperaturen under det Mattilsynet krev. Dermed bryt transportøren eitt regelverk for å følgje eit anna.
– Transportørane er fanga i eit krysspress mellom Mattilsynet, vegstyresmaktene og politiet. Uansett kva dei gjer, bryt dei reglane. Dette er uuthaldeleg, seier Gravråk.
Feilen ligg lenger oppe
NLF er krystallklare på at dette er eit problem knytt til emballasje og produksjon, ikkje transport. Dei peikar på at mange lastebilar tek imot fisk som ikkje er kjølt godt nok ned, og som vert pakka i kasser som lèt smeltevatnet renne rett ut.
– Å bøteleggje sjåførane for dette er som å gje tannlegen skulda for hola, hevdar Gravråk.
Ifølgje NLF finst løysinga allereie: Tette kasser med oppsugingsmiddel (absorbent). Kostnaden er minimal, men sjømatindustrien har framleis ikkje teke det naudsynte grepet.
– Problemet kunne vore løyst enkelt og rimeleg, men nokon fryktar å tape nokre øre per kasse. Då vert rekninga lagt på transportørane. Dette er heilt gale, seier direktøren.
Tydleg krav om handling
NLF stiller seg bak krava om betre trafikktryggleik og har i årevis jobba for å få bukt med fiskeavrenninga. Likevel meiner dei forslaget er feilslått og farleg fordi ansvaret plasserast hos dei som ikkje har makt til å endre på emballasje, kjølekjede eller produksjonsprosess.
Forbundet krev no:
- Rask innføring av tette kasser.
- Ei overgangsordning som sikrar at transportørane ikkje vert bøtelagde for forhold dei ikkje kan rette opp i.
Gravråk varslar at medlemane deira kan verte nøydde til å avvise fisk på rampa dersom sjåføren vurderer at det vil føre til avrenning.
– Kun slik kan vi sikre trafikktryggleik, matsikkerleik og rettferdig konkurranse, avsluttar Gravråk, som ønskjer dialog med både Sjømatbedriftene, Statens vegvesen, Mattilsynet og Sjømat Norge. Sistnemnde har førebels takka nei til møte.

