NAV-sjef Hans Christian Holte fekk sparken

Riksrevisjonen si årlege gjennomgang let ingen tvil vere: NAV må skjerpe kontrollen med milliardane – ei formulering som knapt dekkjer over eit system som no framstår som ei open kasse for utnytting.

Den ferske revisjonsmeldinga slår fast at etaten betalte ut svimlade 2,3 milliardar kroner i støtte til ortopediske hjelpemiddel utan å gjennomføre fakturakontroll.

Tidlegare i år konkluderte Riksrevisjonen med at NAV mangla loggføring i deira IKT-system som forvaltar 475 milliardar kroner.

Kjernen i skandalen er eit tal som burde sende sjokkbølgjer gjennom Stortinget: I fjor kontrollerte NAV berre 0,6 prosent av fakturaene knytte til dei ortopediske verkstadene etaten har rammeavtalar med.

Dette betyr, ifølgje Riksrevisoren, at etaten i praksis ikkje har visst om fakturaen samsvarar med bestillinga, om prisane er i tråd med avtala, eller om brukaren i det heile tatt har motteke hjelpemiddelet.

Mangel på fakturakontroll er i seg sjølv ein kardinalsynd i offentleg forvaltning, men når kompenserande kontrolltiltaki tillegg feilar, vert det avdekt ein systemsvikt som går langt utover ein enkelt feilrutine. Det er kritikkverdig at ein etat som forvaltar så enorme summar ikkje har kravd tilbake stønad utbetalt på uriktig grunnlag.

IKKJE EI ISOLERT HENDING

Kritikken mot NAV er dessverre ikkje ei isolert hending. Ho er snarare eit symptom på ein djupare og meir alvorleg kontrollkollaps i norsk offentleg sektor.

Frå Trygdeskandalen i 2019, der mangel på kompetanse og kritisk tenking førte til urettmessige fengselsstraffer, til gjenteken kritikk for svak IT-sikkerheit og manglande oppfølging av tiltaksbedrifter, teiknar det seg eit mønster av inkompetent forvaltning.

Det er skattebetalarane sine pengar som betaler rekninga for denne strukturelle arrogansen. Medan staten på den eine sida jaktar enkeltståande trygdesvindlarar, vert det på den andre sida tillate at milliardar av kroner forsvinn i eit svart hol av manglande internkontroll.

Riksrevisjonen sin knusande dom er ei vekkarklokke. Det er på høg tid at dei politiske leiarane tek eit grunnleggjande oppgjer med ein offentleg sektor der tilliten vert sett på spel, ikkje av dei som mottek hjelp, men av dei som skal forvalte henne.


Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.