Kriminalteknikar tiltalt for vald og drapstrugsmål

Den Tønsberg-baserte krimteknikaren og politibetjenten Alexander Ramfelt (44) er tiltalt for mishandling, vald og drapstrugsmål mot sin tidlegare ektefelle.

I følgje tiltalen signert av politiadvokat Sigrun Våge skal overgrepa ha pågått i tre år.

Politibetjenten skal ha vridd armar og handledd, kasta gjenstander og tvunge ektefellen sin ned på bakken, og deretter pressa kneet sitt mot hals og kjeveparti. I følgje tiltalen førte valden til at ektefellen fekk smerter og blåmerker fleire stadar på kroppen.

Den valdstiltalte politibetjeten sa at «han som krimteknikar i politiet visste korleis han skulle få henne til å forsvinne utan at nokon oppdaga det, eller ville finne henne».

I tillegg truga han ei anna kvinne i Tønsberg ved å ha gått opp i ansiktet hennar fleire gonger medan han kjefta, tok tak i solbrillene hennar og kasta dei bakken og hindra kvinna i å opne døra til bilen sin.

Politiadvokat Sigrun Våge har i tiltalen lagt ned påstand om tap av stilling.

Les også: Tønsberg-politiet arrangerte julebord: Politimann tok på puppar og rumpe – truga med å drepe kollega

Les også: Politimann frå Tvedestrand dømd til 36 dagars fengsel – får behalde jobben

Les også: Politibetjent i Bergen truga med drap og skalleknusing