Vil ikkje ta bussen på anna tidspunkt – parkerer slik

Grafen har fått tips om at private køyretøy vert parkert på parkeringsplassar reservert «for politiets tjenestebilar» ved sentrum politistasjon i Oslo.

Dei aktuelle køyretøya er registrert på privatpersonar som arbeidar i politiet, men er på ingen måte tenestebilar. Ved å benytte desse plassane vil dei ansatte i politiet kunne spare fleire tusen kroner årleg i parkeringskostnader andre borgarar må betale.

Av dei bileta Grafen har fått tilsendt kjem det fram mellom anna ein Tesla og ein Skoda som begge er registrert på privatpersonar.

– Godkjent av leiinga

Leiar for stab for kommunikasjon ved Oslo politidistrikt, Unni Turid Grøndal, seier i kommentar til Grafen at leiinga ved sentrum politistasjon har godkjent ei ordning for tilsette som av omsyn til beredskap må vere på jobb ved tidspunkt det er vanskelig med kollektivtransport frå heimstad.

Grafen har stilt oppfølgingsspørsmål til Grøndal om kvifor dei ikkje tek kollektivtransport eller buss på tidlegare tidspunkt om det ikkje passar.

Dette og kva stilling dei to personane har ville ikkje Grøndal svare på. Grafen kan ikkje slå fast om leiinga sjølv godkjenner «nødvendig» parkering for seg sjølv framfor å velje kollektivtransport som andre borgarar må reise med.

Sjå galleri nedanfor

Køyretøya som står parkert utanfor sentrum politistasjon i Oslo har parkeringskort for politiets tjenestebilar, men køyretøya er registrerte på privatpersonar, ikkje politiet.


Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.